NRK Meny
Normal

«Skilta og sperringane er tilstrekkelege»

Både politiet, breføraren og ordføraren sa før eit møte i føremiddag at dei måtte vurdere ekstra sikringstiltak ved Nigardsbreen, der to tyske turistar omkom søndag. Men etter møtet er det klart at dei meiner sikringa er god nok.

Rasulukka ved Nigardsbreen.

LIKE FØR: Dette biletet er teke berre fem minutt før raset gjekk. I den raude ringen ser ein turistar heilt framme ved breen

Foto: Erik Bloemink

Dei to omkomne tyskarane i 30-åra hadde nettopp av avslutta ein guida tur i regi av Jostedalen breførarlag. Det var etter turen, då dei på eige initiativ kryssa sperringane og skilta som åtvarar mot å nærme seg breporten, den tragiske ulukka skjedde. Tilbake sat to unge gutar utan foreldre.

Ordførar Ivar Kvalen fortel etter møtet at dei meiner sikringstiltaka er gode nok.

– Me har konkludert med at det er god informasjon til alle turistar som er der framme. Dei som er med på guida turar vert også informert på engelsk om faren ved å opphalde seg i brekanten. Me meiner skilta og sperringane er tilstrekkelege for å forstå alvoret me å gå opp i brekanten, seier Kvalen.

Kommunen har tilsyn med skilta framme ved breen to gonger i veka heile sommarsesongen. Likevel seier ordføraren at dei no skal på synfaring i området.

– Både Statens Naturoppsyn, kommunen sin forvaltar, politiet og breførarar vil gå fram på nytt for å sjå om det er behov for justeringar eller tilleggssikring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasulukka ved Nigardsbreen.

LIKE ETTER: Dette bilete er teke like etter den tragiske ulukka der dei to tyske turistane omkom i går.

Foto: Erik Bloemink

– Bak sperringane skal folk vere trygge

I etterkant av ulukka har fleire ekspertar åtvara om fare for nye ras og at breen kan kalve meir.

Men mykje tyda allereie før møtet på at dei involverte partane var samstemte i at det ikkje kom til å verte ekstra sikringstiltak.

– Vi veit det rasar frå brefronten nesten dagleg i smeltesesongen. Det er jo normalt. Skilta kjem opp tidleg i sesongen, og faren er vurdert av politiet og erfarne brefolk. Er ein bak dei sperringane, skal ein vere på trygg avstand frå brefronten, sa ordførar Kvalen i dag tidleg.

Dagleg leiar i Jostedalen breførarlag, Steinar Bruheim, meiner at faren først oppstår når sperringane vert brotne.

– Det er altfor ofte me ser turistar ta seg forbi sperringane og skilta og ikkje respekterer den sona framføre breen som ein ikkje bør bevege seg i.

– Kan ein gjere meir for å unngå slike ulukker med ytterlegare sperringar?

– Det er godt mogleg ein kan. Men det er avgrensa kva for fysiske inngrep i området rundt Nigardsbreen som kan gjerast. Det er vel opplysning og informasjon vi trur blir det viktigaste, seier Bruheim.

Ordføraren veit at det no vil kome nok ein debatt om sikring av turistattraksjonar i naturen, slik det har gjort så mange gonger gjennom åra. Skal ein fysisk stenge av kjente naturattraksjonar? Eller skal ein informere og la folk ta ansvar sjølve?

– Me meiner så langt at den informasjon og dei sikringstiltak som har vore i og rundt Nigardsbreen har vore tilstrekkeleg. Det er jo i overkant av 50 000 besøkande i området i året, og så vidt eg har fått med meg var førre ulukke i 1986, meiner Ivar Kvalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum trassar stoppskilta ved Nigardsbreen

BRYR SEG IKKJE OM FARESKILTA: Mange turistar, og då spesielt utanlandske turistar, bryr seg ikkje om fareskilta og sperringane rundt breane. Slik har det vore lenge, dette bilete er frå Nigardsbreen i 2010.

Foto: Atle Barsnes

– Ingenting unormalt med breen

Geolog i NVE, Odd Are Jensen var sjølv i området etter ulukka sundag, både i helikopter og ved breen saman med ein kollega.

– Etter det vi erfarer står sperringane i grei avstand. Det er området rundt smeltevasskanalen der elva kjem ut under breen som er det farlege punktet, seier Jensen.

Denne smeltevasskanalen gjer at ein får eit stort overheng, og det var ein del av det som fall ned i går. Geologen fortel at det ligg ei enno større blokk som no anten vil falle ned eller smelte vekk.

Men han vil ikkje anbefale å framskunde prosessen ved å fjerne blokka.

Geolog Odd Are Jensen i NVE

NORMALT: Geologi Odd Are Jensen seier smeltinga ved breen er normal etter ein fin sommar, og meiner sperringane står i grei avstand.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette er naturlege prosessar som skjer føre alle brear no på sommaren. Det er naturleg etter ein så strålande sommar. Så lenge folk held seg på den avstanden dei skal, er det ikkje noko fare for at dei skal verte trefte av is.

Han seier breen er tryggare der brevandringa føregår.

– På andre deler er breen lågare og det er ingen smeltevasskanal. Det mindre rørsle i breen, han er slakare og tryggare, seier Jensen.

– Dramatisk og uoversiktleg

Dagleg leiar i Jostedalen breførarlag, Steinar Bruheim,seier at dei guida turane og breføringane vil halde fram i dag.

– Me bevegar oss ikkje i farlege område som breekspertane har åtvara mot. Det er breporten og isblokkene som er overhengande som utgjer trugsmålet på Nigardsbreen. Me skal ha turar og breføringar også i dag.

– Men me åtvarar folk mot å gå inn i breporten. Slik me alltid gjer, sa Steinar Bruheim.

For kollegaene til dagleg leiar i breførarlaget, Steinar Bruheim, som var på staden vart det ein grufull dag i går. Dei kom raskt til staden då dei høyrde det store braket.

– Dei vart også varsla ved at folk skreik og hylte. Då forstod dei at noko alvorleg hadde skjedd, seier Bruheim.

Då dei kom til staden fekk dei trekt dei involverte personane ut av farleg område og på land. Medan dei fekk tilkalla meir hjelpemannskap og politi, leitte dei etter fleire som kunne vore tekne av breen.

– Der og då var det dramatisk og uoversiktleg. Ein visste ikkje kor mange personar som var råka av ulukka. Så førarane sette og i gang undersøkingar av området. Dei gjekk langs elva, for å finne ut om det var fleire som hadde vorte tekne av ismassane.

– Kva hjelp har guidane fått?

– Dei førarane som var direkte involvert på staden kjem ikkje til å jobbe i dag. Alle som var involverte og dei som jobba på Nigardsbreen er jo prega det som skjedde.

Vegopning på Bergum i Førde kommune