Hopp til innhold

Meiner retningslinene i Høgre har vore gode nok

– Retningslinene i Høgre har vore gode nok. Dei har berre ikkje vorte etterlevde, seier fylkesleiar Vidar Grønnevik i Sogn og Fjordane Høgre.

Vidar Grønnevik

VARSLINGSSAKENE: Vidar Grønnevik er leiar i Sogn og Fjordane Høgre:

Foto: Johan Moen / NRK

Etter jul har den eine meir belastande saka enn den andre avløyst kvarandre i dei politiske partia. Regjeringspartiet Høgre er ikkje noko unnatak.

– Eg tykkjer det er svært uheldig at personar som er interesserte i politikk skal verte utsette for det som vi har høyrt om i media, seier Grønnevik.

Allereie i fjor haust laga Sogn og Fjordane Høgre nye og strengare retningsliner for alkohol og skjenking for sine arrangement.

– Det er noko vi har hatt på dagsorden så lenge eg har vore med. Vi har sett at frå tid til anna har mindreårige fått tilgang til alkohol, og det skal dei ikkje på våre arrangement, seier Grønnevik.

Mange varsel

Regjeringspartiet Høgre har fått inn 21 varslar mot totalt 12 personar om ulike former for seksuell trakassering. Grønnevik seier at at Høgre i Sogn og Fjordane ikkje har motteke varsel.

– For meg er det svært overraskande at det ser ut til å ha eit så stort omfang som det som er meldt i media. Ingen av oss kjenner innhaldet i varsla, så vi kan ikkje ha noko meining om graden av alvor. Men omfanget er så stort at det er heilt openbert at det er viktig å ha fullt fokus på å få bukt med det, seier Grønnevik.

Statsadvokaten ber no politiet om å setje i verk innleiande undersøkinga av skuldingane mot tidlegare leiar i Unge Høgre Kristian Tonning Riise. Undersøkingane gjeld påstandane i Aftenposten om at Riise hadde seksuell omgang med ein svært rusa 16-åring på eit fylkesårsmøte i 2014, skriv NTB.

Riise sjølv seier han er glad for at saka vert belyst grundig og objektivt.

– Skulle ha gripe inn tidlegare

Tidlegare generalsekretær i Unge Høgre, Erlend Svardal Bøe frå Florø, tek sjølvkritikk for at dei ikkje har handtert varslingssakene mot Kristian Tonning Riise på ein betre måte.

– Når er eg fekk vite om ting så vart det tatt opp. Men det har vore ein kollektiv svikt. Det har vore vanskeleg å ta opp ting, og det har vore vanskeleg å gå i djupna på ting, seier Bøe.

Erlend Svardal Bøe

TAR SJØLVKRIKK: Erlend Svardal Bøe er tidlegare leiar i Unge Høgre.

Foto: Privat

Bøe er i dag leiar for bystyregruppa til Høgre i Tromsø. Han vedgår at det var rykte i partiet, blant anna om alkohol og seksuell omgang.

– Det er einskilde hendingar du kunne ha høyrt om, men som du ikkje visste detaljar om eller omstenda rundt. Og det skulle ein sjølvsagt gått i djupna på. Det er vondt å tenke på at ein ikkje gjorde det. Det er nok mange som kjenner på det ansvaret. Eg er ein av dei, seier Bøe.

Skal vere trygt

I Sogn og Fjordane Høgre håpar fylkesleiaren at dei nye og strengare retningslinene dei har innført skal gjere både foreldre og unge politisk interesserte skal oppleve det som trygt å engasjere seg i partipolitikk.

– Det skal vere ein stad for unge folk som har interesse for politikk og som finn det i vårt parti utan at dei føresette skal trenge å uroe seg av den grunn, seier Grønnevik.