Hopp til innhold

Meiner regjeringa har latt det gå politikk i saka om asylmottak i Sunnfjord

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg meiner departementet har latt det gå politikk i saka om kvar det skal vere asylmottak i Sunnfjord.

Oddmund Klakegg ved elva Jølstra

ASYLMOTTAK: Oddmund Klakegg er ordførar i Jølster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det eg reagerer på er at departementet går inn og overprøver dei faglege tilrådingane frå UDI og på ein måte fredar eit asylmottak i Florø, og så berre ei veke etter valet vert asylmottaket i Førde lagt ned, seier Klakegg

Torsdag vart det kjent at UDI har bestemt seg for å legge ned det statlege asylmottaket i Førde med 150 mottaksplassar. UDI hadde i utgangspunktet bestemt seg for å legge Solbakken asylmottak i Florø. Men etter massivt lokalpolitisk engasjement gjekk greip regjeringa inn og instruerte UDI om å ikkje legge ned i Florø.

– Då lar dei det gå politikk i forvaltning, og det er eg sterkt kritisk til, seier Klakegg.

Færre flyktningar

Det siste året er det forsvunne 70 årsverk knytt til asyldrift i indre Sunnfjord. Årsaka er at det no kjem langt færre flyktningar til Norge.

Berre i Jølster, heimkommunen til Klakegg, har UDI lagt ned to asylmottak.

– Eg har stor forståing for styresmaktene må gjere noko med mottakskapasiteten når talet på asylsøkarar går så mykje ned som det har gjort. Men i dette tilfelle meiner eg at departementet må tenke kva praksis dei har. Her prioriterer dei ein småby i Sogn og Fjordane framfor ein annan. Ikkje ut frå faglege vurderingar, men ut frå kriterium som har mest med politikk å gjere, seier Klakegg.

– Dette er eit vedtak UDI har gjort. Når det gjeld Solbakken var vi veldig tydelege på at det var ei ekstraordinær sak, fordi vi ønskte å ta vare på kompetansen, seier Frida Melvær som er nyvald Stortingsrepresentant for regjeringspartiet Høgre.

Eingongstilfelle

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Vidar Brein-Karlsen

SPESIELL SITUASJON: Vidar Brein-Karlsen (Frp) er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.

Foto: NRK

– Eg forstår at det er leit når arbeidsplassar forsvinn samstundes vi bygger ned kapasiteten, men når talet på asylsøkarar går ned så sparar vi også mykje pengar på redusere kapasiteten på asylmottak, seier Vidar Brein-Karlsen (Frp) som er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.

– Kva seier du til kritikken om at departementet her har prioritert ein liten by i Sogn og Fjordane framfor ein annan ut frå politiske motiv?

– Det var ein spesiell situasjon i Flora kommune som hadde opplevde å miste mange arbeidsplassar. Det vart gjort ei eingongs heilskapsvurdering i det tilfelle. Det kjem til å verte lagt ned mange mottak framover, og vi skjønnar at det er leit for dei som vert råka, seier Brein-Karlsen.