NRK Meny
Normal

Meiner byråkratar og politikarar hindrar nye bedrifter fordi dei leitar etter feil

Mange sakshandsamarar og politikarar hindrar sårt trengde arbeidsplassar fordi dei er for problemfokuserte. Det meiner mangeårig rådmann i Førde kommune, Ole John Østenstad.

Ole John Østenstad

SKAL GJE RÅD: Førde-rådmann, Ole John Østenstad, peikar på at kommunen etter forvaltningslova har ei plikt til å gje råd.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Vi er for lite flinke til å leite etter grunnar til å seie ja. Men vi leitar veldig ofte etter gode argument for å seie nei. Det gjeld fylkesmannen, fylkeskommunen og oss i kommunane, seier Førde-rådmann Ole John Østenstad.

Han vil til livs haldningar som kan hindra nye bedrifter og arbeidsplassar.

Som mangeårig administrasjonssjef i den største kommunen i Sogn og Fjordane meiner han å sjå ein kultur der sakshandsamar og politikarar er for lite flinke til å leita etter løysingar. Ei slik innstilling er det gründerane og investorane som må li under.

Har plikt til å gje råd

– Dei vil møte eit veldig byråkrati, som kanskje vert opplevd som ein motpart. Medan vi jo skal vere der for dei, vi skal jo vere der for å hjelpe dei, seier Østenstad.

Han peikar på at kommunen, gjennom forvaltningslova, har plikt til å gje råd.

– Det er heilt avgjerande for publikum at vi har dei rette haldningane når det gjeld sakshandsaming, seier Østenstad.

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som er dårlegast på å skapa nye bedrifter. Det er eit krevjande utgangspunkt for ein ny fylkeskommunal verdiskapingsplan som skal skapa 100 nye arbeidsplassar kvart år.

For å nå eit slikt mål, trengst mykje administrativ velvilje, meiner Østenstad.

– Nettopp fordi vi er sårbare og treng alle gode krefter, så må vi også leggje slike haldningar til grunn når vi skal prøve å utvikle dette fylket her, seier Østenstad.

Er som ein innfallsvinkel til livet

Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, understrekar at han er heilt samd med Østenstad.

Heggheim har det administrative ansvaret for verdiskapingsplanen som skal vera med på å styra korleis Sogn og Fjordane prioriterer dei 600 millionar kronene som det offentlege brukar på næringstiltak kvart år.

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

INNFALLSVINKEL: Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, peikar på at det handlar om kva innfallsvinkel ein har når ein møter utfordringar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er på ein måte ein innfallsvinkel til livet. Korleis angrip vi ei sak? Skal vi først tenkje at: «Dette er noko vi må prøve å få til», og så eventuelt eliminere hindringar, eller skal vi leite opp hindringane først, og meine at dei er så store at vi ikkje kjem oss over, spør Heggheim.

Han peikar på at det dessverre ofte er slik at viss ein trør feil, så kan ein verte straffa etterpå.

– Og det er ganske ubehageleg, seier Heggheim.

Trur regelverket er ei tvangstrøye

På eit høyringsmøte om verdiskapingsplanen med rådmenn og ordførarar i Sogn og Fjordane fekk Østenstad spontan støtte også frå ei rekkje politikarar og kommunale administratorar.

Ei av dei var ordførar i Askvoll, Frida Melvær (H).

– Eg er veldig samd med Østenstad når det gjeld dette å våge, og å leite etter løysingar, ikkje hindringar. Det trur eg er noko alle bør ta med seg, seier Melvær.

Norske byråkratar og politikarar forvaltar eit innfløkt regelverk. Rådmann i Førde, Ole John Østenstad, trur det forklarar kvifor mange gründerar møter sakshandsamarar som ser hindera heller enn løysingane.

– Eg trur regelverket vert ei tvangstrøye for oss. Vi bør i staden for leite etter årsaker for å seie ja, og så må vi sjå i regelverket om det er moglegheiter, seier Østenstad.

– Det er sikkert mange i Førde som kan leggje eit dokument på bordet og syne at dei har vorte møtte med motstand også i kommunen din, medan du har vore rådmann. Kva seier du til dei som vil komme med slikt?

– Det trur eg nok er rett, og det har eg også peika på. Eg sit absolutt i glashus, men eg tenkjer at det å reflektere over det, og vere det bevisst, kan iallfall hjelpe oss til å bli betre på det området, seier Østenstad.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast