Hopp til innhold

Meiner prisauke kan bli starten på slutten

Frp-politikar Frank Willy Djuvik spår ei dyster framtid for bergensbåtane frå Sogn og Nordfjord om den varsla prisauken på Sognebåten blir gjennomført. I Arbeidarpartiet berre bles dei av kritikken.

Frank Willy Djuvik

KRITISK: Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet trur båtreisande i både Sogn og Nordfjord blir taparar på sikt, dersom prisauken på Sognebåten blir ein realitet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I årevis har reisande frå Sogn kome langt billegare frå det når dei skal reise med båt til Bergen, enn dei reisande frå Nordfjord. Det sjølv om avstanden er så å seie lik.

No har samferdslepolitikarane i fylket teke grep for å gjere billettprisen meir rettferdig. I praksis betyr det at ei reise med Sognebåten blir opp mot 25 prosent dyrare, medan båtturen frå Nordfjord vil bli litt rimelegare.

Prisauken er å skyte seg sjølv i foten, meiner Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet.

– Resultatet vil bli ein kraftig reduksjon i passasjertalet, noko som igjen fører til at inntektene går ned. Då må ein auke billettprisane på begge båtane. Eg tenker dette kan bli starten på slutten for begge båtane.

Møter skepsis hos reiselivsaktørane

Medan folk på gata i Nordfjord gir uttrykk for at dei meiner det er rett at prisane på båtrutene til Bergen blir meir like for sogningar og nordfjordingar, er folk i Sogn naturleg nok meir skeptiske.

Ståle Brandshaug

SKEPTISK: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord meiner tidspunktet og storleiken på prisauken er svært dårleg.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Fleire av ordførarane langs Sognefjorden fryktar passasjerane vil droppe Sognebåten, ei uro også reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord kjenner på.

– Sognebåten er ei av dei viktigaste kollektivrutene mellom Bergen og Sogn. Om prisauken kjem så brått og så stor som førespegla, vil vi miste ein god del reisande, spesielt av dei lokalreisande. Eg er redd det får konsekvensar for ruta på sikt.

Trur ikkje på Djuvik sine spådommar

Frank Willy Djuvik i Frp trur færre reisande på Sognebåten vil føre til at billettprisane seinare vil bli auka ytterlegare, også for dei reisande frå Nordfjord.

– Då vil passasjertalet gå ned på begge båtane, og begge vil få utfordringar økonomisk. Begge båtane kan då stå i fare for å bli lagde ned på sikt, seier Djuvik.

Helen Hjertaas i Vågsøy Ap

FORSTÅR FRUSTRASJONEN, MEN: Helen Hjertaas i Ap vil ikkje gje Frank Willy Djuvik rett i sine dystre spådommar for bergensbåtane frå fylket.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Helen Hjertaas sit i samferdsleutvalet for Arbeidarpartiet. Ho seier likebehandling er ei viktig sak for partiet. At båttilbodet er viktig for turistnæringa er ho innforstått med, men meiner dei ikkje kan halde prisane nede for å støtte opp om turisme som næring.

Kritikken frå Djuvik har ho lite til overs for.

– Vår primæroppgåve er å gje innbyggjarane eit godt kollektivtilbod. Eg veit ikkje kvar Frank Willy har det frå at det blir færre som nyttar seg av tilbodet. Det står att å sjå. Det å spå om framtida er ikkje spesielt lett.

Takstauken på Sognebåten er vedteke av samferdsleutvalet. Men endringane kan bli tema for fylkestinget når dei skal diskutere budsjettet for neste år.