NRK Meny
Normal

Meiner politikarane ikkje har grunn til å bli paff over millionrekning

– Politikarane burde vite at ei slik rekning etter naturkatastrofar kan dukke opp. Det er meldinga frå Kommunaldepartementet som i går serverte fylkespolitikarane ei rekning på 20 millionar kroner.

Jardar Jensen

PRAKSIS: Fylkeskommunen må betale tilbake pengar når dei har fått utbetalt meir enn dei skal, seier statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Jardar Jensen.

Foto: Sander Andersen / NRK

Statssekretær Jardar Jensen (Høgre) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier han ikkje forstår politikarane i det heile tatt.

– Det er ei god ordning at kommunar og fylkeskommunar får ein sum pengar for å sette i gong arbeidet raskast mogleg, og så gjer opp for det i etterkant. Om ein ikkje kjenner til det, så må det skuldast rein uvitenheit, eller at ein ikkje har fått råda ein har krav på, seier han.

Sjokkerte over meldinga

Då romjulsorkanen Dagmar herja i Sogn og Fjordane i 2011, vart det gjort skade for mellom 90 og 100 millionar kroner. I juni 2012 vart det klart at fylkeskommunen ville få dekka om lag 70 millionar kroner av dette, men onsdag kom kontrameldinga.

Departementet har betalt ut 20 millionar kroner for mykje. Eit nærast lamslått fylkesutval sat tilbake etter at fylkesrådmannen hadde orientert om situasjonen.

– Dette burde dei ha gjort på ein annan måte. Det er snart tre år sidan desse øydeleggingane. Vi kan ikkje ha eit opplegg der vi plutseleg får endra rammevilkåra over natta. 20 millionar er mykje pengar, dette kan vi ikkje akseptere, sa gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva etter møtet.

Vegen til Otterdal 31.12.11

MILLIONAR: Vegen til Otterdal i Hornindal var ein av fleire vegar i fylket som fekk store skadar under orkanen Dagmar.

Foto: Magne Otterdal

– Bør vere glade for at ordninga finst

Meldinga kom medan politikarane sat i møte om å få endane i neste års budsjett til å møtast. Å få ei ekstrarekning i fanget då vart spesielt dårleg motteke. Politikarane har lite å rope høgt om, meiner departementet.

– Vi har følgd vanleg praksis. Etter at rekneskapen er rapportert inn, så syner det seg at tilskotet på 70 millionar kroner vil ligge nærare 48 millionar. Dermed har fylkeskommunen fått meir i støtte enn dei har krav på. Det går også fram av tildelingsbrevet frå 2012 at det er slik praksis er, fortel Jensen.

Han meiner politikarane heller enn å reagere med vantru på rekning, bør vere glade for at ordninga i det heile tatt eksisterer.

– Med tanke på kostnadane som har kome etter flaumen, så burde politikarane vere glade for dette. Hadde vi ikkje hatt ei slik ordning måtte dei betalt for utbetring og så fått betalt i ettertid. Det er meir fornuftig å få pengar, og så gjere opp rekneskapen i ettertid.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.