Hopp til innhold

Meiner pårørande må ta større ansvar for eldreomsorg

FLORØ (NRK): Kristina (26) og bestemor Aud (76) likar seg i lag på bytur. I framtida må pårørande i mykje større grad ta seg av dei eldste i familiane, meiner helsesjef. Heilt feil, seier eldreministeren.

Kristina Erikstad Sæterdal og Aud Erikstad

LIKAR SEG I LAG: Kristina Erikstad Sæterdal (26) og bestemora Aud Erikstad (76) er på bytur saman i Førde og likar seg i lag. Dei meiner det er på sin plass at pårørande tek seg betre av dei gamle og sjuke.

Foto: Bård Siem / NRK

– Auken i talet på eldre vil bli så sterk at vi ikkje får nok varme hender til å ta seg av dei. Difor trur eg det vil bli heilt nødvendig at dei pårørande tek eit større ansvar for sine nærmaste, seier Norunn Stavø.

Ho er kommunalsjef for helse, sosial og omsorg i Flora kommune og har i mange år sett korleis behovet for omsorg har endra seg.

Medan det i 2015 var behov for 50 årsverk i heimetenestene, vil det i 2040 vere behov for 105. For tre år sidan var det 87 heildagsplassar for eldre i Flora. I 2040 vil det vere behov på 192.

På bytur med barnebarnet

På gata i Førde i Sogn og Fjordane møter vi på 26 år gamle Kristina Erikstad Sæterdal og bestemora Aud Erikstad (76). Dei meiner begge at dei pårørande må stille betre opp overfor gamle og sjuke familiemedlemmer.

– Foreldra våre har tatt seg av oss i alle år og vi må kunne stille opp for dei når dei blir gamle. Eg seier ikkje at vi skal ta dei inn i husa våre og stelle dei når dei er kjempesjuke, men vi må vere der for dei, seier Kristina.

– Det høyrest bra ut at vi skal ta oss meir av dei gamle og sjuke. Eg var ofte på besøk med foreldra mine då dei var gamle, seier Aud.

Medan det i 2010 var fem personar i arbeidsdyktig alder per pensjonist i Noreg, vil det i 2040 vere berre tre per pensjonist. I enkelte utkantkommunar vil det i 2040 vere ned mot 1,5 personar i arbeid per pensjonist.

Norunn Stavø i Flora kommune

TVINGAR SEG FRAM: Fordi den norske befolkninga blir stadig eldre tvingar det seg fram at pårørande må ta eit større ansvar for foreldra sine, meiner Norunn Stavø.

Foto: Bård Siem / NRK

Etterlyser løn frå staten

Kommunalsjef Norunn Stavø trur ikkje ytterlegare auka arbeidsinnvandring og meir velferdsteknologi åleine vil vere nok til å kunne vere rusta for eldrebølgja som ventar.

– Tanken min er ikkje at vi skal ha folk ut av vanleg jobb, men at eit samarbeid mellom pårørande og kommunen kan gjere at dei eldre kan bu lenger heime, seier ho.

Men korleis skal dei pårørande, som ofte er i full jobb, få tid til å ta seg meir av dei gamle og sjuke foreldra sine?

– Eg trur kanskje det må lagast nye velferdsordningar som gjev økonomisk kompensasjon til pårørande, slik at dei kan jobbe litt mindre. Her må statlege midlar inn, seier ho.

Seier nei

Eldreminister Åse Michaelsen (Frp) forventar ikkje større innsats frå dei pårørande.

–Dei pårørande gjer allereie ein fantastisk jobb og dei treng større grad av støtte og avlastning. Det er kommunane som har ansvaret for å ta seg av dei eldre, ikkje dei pårørande, seier ministeren.

Åse Michaelsen

NEI: Dei pårørande gjer allereie ein enorm innsats for dei eldre. Eg forventar ikkje at dei skal stille opp endå meir, seier eldreminister Åse Michaelsen (Frp).

Foto: Andreas Sundby / NRK