Hopp til innhold

Meiner oppkjøp er risikofylt

Eit oppkjøp av Widerøe vil vere risikofylt. Det meiner Helge Lunde, seniorrådgjevar innan finans i Geelmuyden Kiese.

Fjord1 og Widerøe

VIL KJØPE: Fjord1 skal ha lagt inn bod på Widerøe. Eit oppkjøp vil vere risikofylt, meiner finansrådgjevar.

Foto: Fotomontasje

Fjord1, der fylkeskommunen er hovudaksjonær, har lagt inn bod på Widerøe. Sidan Widerøe hentar mykje av inntektene sine frå flyruter som er sponsa av staten, er eit oppkjøp meir sårbart, meiner Lunde.

– Det har eit ytterlegare risikoelement utover dei vanlege som ein har i ein oppkjøpsprosess. No er det ein auka risiko fordi det er politiske føringar som ligg til grunn her, seier Lunde til NRK.no.

Vil ha fleire bein å stå på

SAS vil selje Widerøe, og Fjord1 er med i ei gruppering som har lagt inn bod på flyselskapet. Prisspekulasjonane har variert frå nokre hundre millionar til rundt ein milliard kroner.

Bakgrunnen for at Fjord1 vil inn på eigarsida i flyselskapet, er at ferjeselskapet ønskjer fleire bein å stå på etter at dei nyleg selde seg ut av bussverksemda.

Widerøe har gått med store overskot dei siste åra og er Nordens største regionale flyselskap, med 1400 tilsette og ei årleg omsetning på 3,2 milliardar kroner.

Meiner få vil ta så stor risiko

40 prosent av Widerøe sine inntekter blir henta frå anbodsruter oppkjøpt av staten, noko Lunde meiner er problematisk.

Det å vere avhengig av sigrar i politiske anbodsprosessar fortel om ei sårbarheit og ein risiko få investorar er villige til å ta, seier han.

– Dei er avhengige av motivasjonar og prioriteringar som politikarar gjer, og dei er jo ikkje alltid bedriftsøkonomisk betinga, seier Lunde.

Vil ikkje kommentere

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i Fjord1, som er Norges største ferjeselskap med om lag 1100 tilsette og 3 milliardar kroner i omsetning.

Leif Øverland, administrerande direktør i Fjord 1, ønskjer ikkje kommentere utspelet frå Lunde. Det gjer heller ikkje fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Forstår ikkje at dei gav opp buss

Lunde stiller seg på si side undrande til at Fjord1 valde selje seg ut av bussverksemda for i staden å satse på flytransport.

– Det å drive med flyverksemd er fjerntrafikk. Når ein tenkjer seg å slå saman fjerntrafikk og lokaltrafikk, så er det kanskje meir nærliggande å ikkje ha selt seg ut av bussverksemda, som då var det same som lokaltrafikk. Då hadde du fellesskap mellom ferje og busstrafikken.

– Eg stussar litt over at dei vil prøve slå saman lokal og fjerntrafikk.