NRK Meny
Normal

Meiner norskopplæringa er ikkje god nok

Manglande planar og for dårleg norskopplæring pregar norsksentera. Konsekvensen kan koste dyrt.

Tavle

FÅR KONSEKVENSAR: Dårleg og mangelfull norskopplæring kan gjere det vanskeleg for flyktningar å ta vidare utdanning eller å få jobb.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Det er avgjerande at programma fungerer, for det er nøkkelen til arbeidslivet, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Fellesundervisning utan eigne planar

Anne Karin Hamre

UROA: Fylkesmann Anne Karin Hamre kan føre tilsyn, men manglar ressursar til å følgje dei opp. Ho meiner det er ein krevjande jobb kommunane har framføre seg når dei skal utdanne og lære opp flyktningar.

Foto: Noralv Pdersen / NRK

I to år har Fylkesmannen hatt tilsynsansvar for introduksjonsprogramma, og resultatet er nedslåande. Flyktningar som kjem til Noreg har rett på individuelle planar som skal tilpasse behova til den enkelte.

Men det skjer sjeldan. Ofte er det undervisning i fellesrom med dårleg tid til andre fag enn norsk.

– Det er for store variasjonar på undervisninga, og det er for lite kontinuitet i arbeidet. Her har fleire ein stor jobb å gjere, seier Hamre.

Møter tilsyn med håp

Og tilsyna vert motteke med glede hos dei som arbeider på sentera.

– Det er på høg tid at det kjem tilsyn med dette. Sanninga er at det er for mange som trur at det berre er å ta imot ein flyktning, gje den noko undervisning og ein stad å bu. Det er eit vrengebilete, seier Åge Føleide som arbeider som lærar ved Gloppen opplæringssenter.

Aud Sletteland Soleim

KAN BLI BETRE: Aud Sletteland Soleim, leiar på Førde norsksenter, seier dei kan bli betre på fleire ting og er glade for at tilsyna kjem.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Han er ikkje aleine om å meine dette.

– Vi kan alltid bli betre, og må vedgå at det vert for liten tid til kvar enkelt flyktning, seier leiar Aud Sletteland Soleim ved Førde norsksenter.

Manglar ressursar til endring

Åge Føleide håpar tilsyna vil betre situasjonen i kommunan

– Arbeidet må takast på alvor og ikkje bli ein salderingspost i systemet der ingen tek ansvar. Alle må vere med å gjere ein innsats.

Fylkesmannen er ikkje like sikker på at tilsyna får så stor effekt.

– Eit tilsyn er ein god måte å avdekke feil og manglar på. Men ein treng ressursar for å gjere noko med det ein finn. Det har ikkje fylkesmannen no, seier Hamre.

Vegopning på Bergum i Førde kommune