NRK Meny
Normal

Meiner norske skip vart bygd av nordkoreanske slavearbeidarar

Fleire norske lasteskip vert kopla til eit polsk verft der nordkoreanske arbeidarar skal ha jobba med det som vert omtalt som slavearbeid.

Artic Fjell

BYGD I POLEN: skipet Artic Fjell vart bygd på verftet Crist i Polen. Eit firma som var med på bygginga, Armex, har vorte skulda for å nytte seg av nordkoreanarar som har jobba under svært dårlege forhold.

Foto: Skipsrevyen

– Dette har ikkje vi høyrt noko om. Eg veit ingenting om det, så eg ønskjer ikkje å kommentere det. Det seier Ove Vilnes som er administrerande direktør i Førde-firmaet Artic Shipping.

Det var Teknisk Ukeblad som først omtala saka, og avslørte at fleire norske skip dukkar opp på dokument knytt til ein internasjonal slaveskandale.

Vilnes og Artic Shipping eig eit skip som stammar ifrå det aktuelle verftet Crist i Gdynia i Polen. Eit skip som vert spesifikt nemnt som eit av dei som skal ha vorte bygd ved hjelp av nordkoreanarar.

Ove Vilnes

AVVISER PÅSTANDAR: Sjef i Artic Shipping, Ove Vilnes, meiner at påstandane om bruk av nordkoreansk arbeidskraft ikkje stemmer.

Foto: Artic Shipping

Det er i dokument Teknisk Ukeblad har fått innsyn i både i Polen og i det norske arbeidstilsynet at skipet "Artic Fjell" skal vere nemnt. Til saman skal ti norske skip, hovudsakleg på Vestlandet, vere nemnt.

Meiner alt har vore i tråd med reglar

Verftet sjølv meiner derimot at det berre er tull. I eit brev som NRK har fått tilgang til skriv leiinga i Crist-verftet til Førde-verksemda at dei kan forsikre at arbeidet med "Artic Fjell" har skjedd i tråd med EU-reglar.

Arbeidarane frå det undertrykkjande regimet skal ha vore tilsett gjennom eit selskap som heiter Armex, og i ein rapport forfatta av det som heiter Leiden Asia Center meiner ein å ha dokumentert at arbeidarane i praksis jobbar som slavar.

Dei skal ha jobba sju dagar i veka, i svært lange strekk. Lønna skal ha avgrensa seg til litt lommepengar til røyk og øl, og dei skal ikkje ha hatt fridom til å bevege fritt på seg.

Artic Shipping-skilt

SUKSESSRIK: Artic Shipping er ei suksessrik verksemd med mange skip på norske hav

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skal ha brunne i hel under sveisearbeid

Dei dårlege forholda for arbeidarane skal ha kulminert med at ein av dei skal ha brunne i hel medan han stod åleine og sveisa i skroget på eit av skipa.

Det vart først avslørt i ein dokumentarfilm av den tyske versjonen av magasinet Vice. Etter kvart skal informasjon om dei kritikkverdige forholda ha spreidd seg, og i følgje Teknisk Ukeblad har dei ikkje arbeidd koreanarar ved Crist-verftet sidan juni i år.

Ove Vilnes og Artic Shipping meiner at dei har sitt på det tørre, og stolar på meldingar dei har fått ifrå verftet i Polen om at det ikkje har jobba koreanarar i det heile på skipet "Artic Fjell".

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.