Hopp til innhold

Meiner Norge bør avvikle cruiseturismen

Norge må vekk frå forureinande masseturisme som ikkje skaper verdiar, og satse på opplevingsturisme. Det meiner forskar Chris Doyle.

Cruisebåtar i Flåm

VIL HA DEI VEKK: Forskar Chris Doyle meiner Norge bør satse på opplevingsturisme i staden for masseturisme, og nemner cruise spesielt. Her står skip i kø i Flåm.

Foto: Anders Fretheim

Amerikanaren presenterte synet sitt under den internasjonale turistkonferansen i Sogndal i dag. Doyle nemner cruiseturisme som eit døme på masseturisme som han meiner Norge må våge å seie nei til.

– Cruiseturisme gir ikkje nok økonomiske gevinstar i lokalsamfunnet, seier han.

Han vil heller at Norge satsar på det han kallar opplevingsturisme.

– Det er ein modell som er langt meir berekraftig, som legg att mykje meir profitt på staden, og som kan styrke kulturen og vernet av naturen, seier Doyle.

Fysisk aktivitet, kultur og natur er viktige element i opplevingsturisme seier Doyle. Han hevdar at tal frå FN sitt miljøprogram UNEP syner at opplevingsturistar legg att 13 gongar meir pengar på staden enn masseturistar.

Han er klar over at forslaget om å seie nei til cruiseskip er kontroversielt.

– Eg argumenterer for ein radikal ide, som eg veit vil skape reaksjonar: kva om Norge tok standpunktet «vi vil ikkje, som nasjon, tillate massecruiseindustri til å påverke Norge. Vi vil ikkje vere ein del av det», seier Doyle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Chris Doyle

RADIKALT: Chris Doyle kallar sitt eige forslag radikalt, men meiner det er langt meir å hente både økonomisk og miljømessig på opplevingsturisme.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Ikkje realistisk eller ønskeleg

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord ønsker debatten velkomen, men trur ikkje det er realistisk å avvikle cruiseturisme i fjordane.

– Eg trur det er ei spissformulering. Eg trur det er sunt å gå inn å diskutere korleis vi ønsker framtidig cruiseturisme, skal det vere ei endring eller ei total omlegging? Det er ikkje sikkert han skal vere slik som i dag. Men eg trur heller ikkje ein bør fjerne han heilt, seier Brandshaug.

Han trur mange vil merke konsekvensane av eit forbod mot cruiseturisme, mellom andre aktørar som tener gode pengar på cruise i Flåm, Olden og frå folk som kjem frå Geiranger.

Ståle Brandshaug

STÅLE BRANDSHAUG: I Visit Sognefjord.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Men det er viktig å hugse at vi har langt fleire turistar som kjem landvegen, at den største turiststraumen og verdiskapinga kjem frå landbasert turisme, mellom anna opplevingsturisme, seier Brandshaug, og legg til:

– Eg trur cruiseturisme alltid vil vere ein del av reiselivet, ein del av måten folk reiser på. Eg trur ikkje vi blir kvitt cruiseturismen, og eg trur heller ikkje vi skal ha det som ambisjon.

Kritiserer kommunane

Eivind Brendehaug jobbar i Vestlandsforskning, og meiner spørsmålet om å forby cruiseturisme er feil spørsmål å stille.

– Det som er problemstillinga i Sogn og Fjordane er at nokre kommunar, som Aurland og Stryn, vurderer å bygge ein kai nummer to for å verte endå meir einsidige cruisedestinasjonar. Ein kan sette spørsmålsteikn ved om det er fornuftig.

– Den andre problemstillinga her i fylket er at andre kommunar, som ikkje har cruise, vil satse sterkare på det. Til begge desse typane kommunar kan ein spørje kvifor dei ikkje vurderer cruise i forhold til andre typar reiseliv.

Brendehaug meiner fokuset må vere kva former for reiseliv som gagnar lokalsamfunnet. Eit slikt fokus manglar mange stader, seier han.

– Når vi går gjennom kommuneplanane knyta til cruiseutbygging, finn vi ikkje at dei vurderer kva konsekvensar ei cruisesatsing har for andre former for reiseliv, til dømes overnattingsbransjen. Mi oppfordring er at dei gjer ei seriøs vurdering av kva som kjem best ut når det gjeld lokal verdiskapning og miljøsituasjon, seier Brendehaug

(Artikkelen held fram under biletet)

Cruiseskipet "Independence of the Seas" i Olden

VIL TAPE: Mange aktørar i Flåm og Olden (biletet) som tener gode pengar på cruise vil tape pengar om Doyle får det som han vil, seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Foto: Arne Vik

– Større problem med vintertomme fjordar

Nedlegging av masseturismen er unyansert og for enkelt. Det meiner Dag Aksnes, påtroppande direktør i NCE tourism.

Han støttar Doyle i ønsket om å finne dei turistane som er villige til å legge att pengar på opplevingar. Men han meiner cruise er ein måte å trekke folk til Norge, og at fokuset må vere opplevingar som gjer at cruiseturistane legg att pengar.

– Vi ligg langt mot nord og det er dyrt og vanskeleg å kome hit. Vi må ta i mot dei turistane som kjem på ein skikkeleg måte og tilby dei produkt som gjer at vi kan hauste av at dei faktisk har kome seg opp hit.

Aksnes ser at mange cruiseskip i fjordane på kort tid kan skape eit forureiningsproblem. Han er open for at avgifter må til, og seier at landstraum kan hindre forureining, og at strengare reglar må til. Men også han meiner eit spørsmål om forbod mot cruiseturisme er feil spørsmål å stille.

– Denne masseturismediskusjonen er litt søkt. Vi har masseturisme nokre veker i året. Det er kanskje eit større problem at vi manglar turistar i fjordane 8–9 månadar i året. Vi må sjå på det litt meir nyansert, seier Aksnes.

– Er det mogleg å gå heilt over på oppleving?

– Dette er ikkje svart, kvitt. Vi må gjere litt av begge delar. Det gjeld å finne ein balanse: få vekk det som er unødvendig og det som forureinar mest, og ta vare på det som er bra. Samstundes må vi utvide sesongane våre, og sørge for at det kjem folk inn i fjordane våre i desse 8–9 månadane når det dessverre nesten er tomt.