Hopp til innhold

Meiner nedlegging av Redningsselskapet i Florø er naudsynt

Redningsselskapet sentralt meiner at ei nedlegging av distriktskontoret i Florø og flytting av ei stilling til Bergen er heilt naudsynt. Protestane mot nedlegginga veks samstundes i omfang.

Kristin Wiig Sandnes

USAMD: Kristin Wiig Sandnes i Redningsselskapet forstår at folk er opprørt, men meiner at ei flytting av stillinga i Florø til Bergen er heilt naudsynt.

Foto: NRK

For dei frivillige i Redningsselskapet kom nedlegginga av distriktskontoret svært overraskande, og reaksjonane har vore sterke, ikkje minst i sosiale medium.

Ei Facebook-gruppe til støtte for kontoret og den eine tilsette i Florø har på kort tid fått over 4000 medlemer.

Leiar for den frivillige aktiviteten i Redningsselskapet, Kristin Wiig Sandnes, forstår at folk reagerer.

Olav Steimler

TREKTE SEG: Styreleiar i Redningsselskapet Sogn og Fjordane trekte seg frå styrevervet og melde seg ut av selskapet då nedleggingsbeskjeden kom.

Foto: Privat

– Vi veit jo det at endringar skaper turbulens, og eg vil berre hylle dei frivillige i Sogn og Fjordane for at dei står opp for det dei trur på og at dei bryr seg om Redningsselskapet. Så skal vi gjer vårt for å klare å serve alle saman på best mogleg måte.

– Tettare oppfølging

Men Sandnes vil ikkje gå med på at nedlegginga av kontoret i Florø på noko vis fører til eit dårlegare tilbod eller beredskap i Sogn og Fjordane.

– Med omorganiseringa frigjev vi også meir kapasitet, slik at vi kan reise meir og vere meir til stades når det skjer arrangement og andre ting ute blant våre frivillige. Slik kan vi følgje opp dei tettare, seier Sandnes.

Trekk seg som styremedlem

Redningsselskapets sommerskole i Florø.

SOMMARSKULEN: Redningsselskapet sin sommarskule er mellom tiltaka ein fryktar kan bli råka av nedlegginga av distriktskontoret i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Men forklaringa frå leiinga i Redningsselskapet får ikkje gehør blant dei som kjempar for å behalde kontoret. Bjørn Korneliussen har vore aktiv i lokalavdelinga i Florø i meir enn 20 år. No trekk han seg som styremedlem.

– Den eine augneblinken så står vi og vervar medlemer og neste augneblink så får vi beskjed om at sånn og sånn er det frå 1. januar 2016. At det skjer slik no er meir skadeleg enn at det er godt, meiner Korneliussen.

– Naudsynte endringar

Det er ikkje berre i Florø det blir gjort endringar. Ein tilsett i Trondheim blir flytta til Ålesund, medan tilsette i Oslo og Tønsberg blir flytta til Horten. Alt for å gjere Redningsselskapet meir slagkraftig, meiner Kristin Wiig Sandnes.

– Med å slå saman dei tilsette, så håpar eg at ein kan få ein større effekt gjennom fordeling av oppgåver. Då kan ein også utnytte kvart einskild årsverk på ein betre måte.