Hopp til innhold

Meiner menn tek for lite av omsorgsansvaret for eldre foreldre

KVINNEDAGEN 8. MARS (NRK): Fylkesmann Anne Karin Hamre åtvarar mot konsekvensane av at kvinner framleis tek ein større del av omsorgsansvaret for eldre foreldre enn det menn gjer.

Anne Karin Hamre

FØRSTEKVINNA: Anne Karin Hamre meiner at det framleis er for stor skilnad mellom menn og kvinner når det gjeld å ta omsorgsansvar.

Foto: Noralv Pdersen / NRK

– Forventningar om omsorg frå familien og frivillige vil truleg auke.Viss vi ikkje får til ei jamnare fordeling, kan denne utviklinga påverke kvinner si stilling på arbeidsmarknaden i framtida, seier Hamre til NRK.

Ho meiner at framleis kvinnedagen 8. mars framleis er viktig og at ein ikkje må gløyme at rettar og moglegheiter som er sjølvsagde for kvinner i Noreg, ikkje eksisterer for kvinner i store delar av verda elles.

– For norske kvinner er det viktig å ikkje ta dei rettane som andre har kjempa fram for oss, for sjølvsagde og evigvarande. Debatten i fjor om legar skulle få høve til å reservere seg mot abortinngrep, var ei påminning.

– Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Ser vi på andelen kvinnelege leiarar, til dømes i media, i kommunepolitikken og i næringslivet, er det framleis eit stykke veg å gå før vi har ei jamn kjønnsfordeling. Men vi må ikkje gjere barrierane større enn dei er. I Noreg er kvinnelege leiarar etterspurde, så her handlar det òg om at kvinner må ha lyst og vilje til å ta ein leiarjobb, seier Hamre.

Vi spurde ei rekkje andre sentrale kvinner frå fylket også om kva betydning kvinnedagen har i 2014, og korleis det står til med likestillinga i Sogn og Fjordane. Nokre av svara er redigert i lengde.

Trine Lerum Hjellhaug – administrerande direktør i Lerum

Trine Lerum Hjellhaug

Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør Lerum.

Foto: Anne Lise Urdal
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Eg tenkjer at kvinnedagen er viktig å markere, spesielt i eit internasjonalt perspektiv. I næringslivet som elles i samfunnet er det viktig med likestilling. Det er gjort ein solid jobb rundt det å likestille menn og kvinner i arbeidslivet. Men det står også att ein god del. At kvinnene blir færre jo lenger opp i organisasjonen ein kjem, er framleis eit faktum. Men her må også kvinnene sjølv ta sin del av ansvaret gjennom å melde seg på.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Eg skulle ynskje at det var fleire kvinnelege leiarar i næringslivet i Sogn og Fjordane. Kvinner og menn har akkurat same føresetnad for å vere leiarar.

Heidi-Kathrin Osland – styreleiar ved høgskulen

Heidi- Kathrin Osland

Heidi-Kathrin Osland, tidlegare SV-politkar, sivilarktiekt og leiar i høgskulestyret.

Foto: Vidar Gudvangen
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?
  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Kvinnedagen sett eit ekstra og nødvendig fokus på den viktige likestillingskampen. I ein kronikk skriv Elisabeth Grieg om funna i ei undersøking om korleis kvinner og menn med identiske kvalifikasjonar vert totalt ulikt vurdert og verdsett – av både kvinner og menn. Undersøkinga vart utført av studentar ved Markedshøyskolen i lag med tankesmia Agenda. Grieg viser og til boka SHEconomy som peikar på at kvinner er nærast fråverande der viktige avgjersler i dei store næringsselskapa vert tatt. Mi erfaring er at tilstanden innanfor akademia er ikkje stort betre. Sjølv der det er eit fleirtal av kvinneleg tilsette, er det eit fleirtal av mannlege professorar. Skal norsk næringsliv og akademia utvikle seg, treng vi talent og talentet er likt fordelt mellom kvinner og menn.

I næringslivet som elles i samfunnet er det viktig med likestilling

Trine Lerum Hjellhaug

Gunnhild Berge Stang – fylkesleiar i Venstre

Gunhild Berge Stang

Gunhild Berge Stang, fylkesleiar i Venstre, utdanna arkeolog.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Kvinnedagen betyr veldig mykje i 2015. Vi har enorme likestillingsutfordringar globalt og stadig vekk ser vi at vi ikkje er i mål med norsk likestilling heller.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– I Sogn og Fjordane er kvinnene underrepresentert. Det er ikkje berre uheldig for kvinnene, men først og fremst for politikken som går glipp av viktige perspektiv inn i debattane.

Vibeke Johnsen – fylkesleiar i SV

Vibeke Johnsen

Vibeke Johnsen, fylkesleiar i SV, jobbar i NAV.

Foto: SV
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Kvinner flest i Noreg nyt godt av likestilling, likevel er rett til eit liv utan vald, retten til sjølv å velje korleis ein skal leve livet sitt, likeløn og rett til heiltidsstillingar mellom nokre av dei viktige kvinne- og likestillingskrava. Internasjonalt eig kvinner langt mindre enn menn, og fattigdom gjer kvinner sårbare og meir utsett for vald. Menneskehandel, særleg til sexindustrien er eit stort, internasjonalt problem.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Omfangundersøkinga viser at ein av ti kvinner og ein av tjue menn er valdtekne, halvparten av dei var under 18 år då dei opplevde overgrepet. Det er 30 år sidan Krisesenteret i Sogn og Fjordane opna, og pågangen er framleis stor. Vi har fått Senter mot incest og overgrep. Når valdtekt diskuterast er det mange som vil fortelje korleis dei unge jentene skal oppføre seg. Eg er også oppteken av dei unge jentene, og eg er oppteken av kva vi forventar av dei unge gutane våre.

Grethe Hjetland – dagleg leiar i Highsoft AS i Vik

Grethe Hjetland

Grethe Hjetland, Vik i Sogn. CEO i gründerverksemda Highsoft.

Foto: Arkiv
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Den internasjonale kvinnedagen er ei svært viktig markering i 2015, som den har vore i ei årrekke! Vi har medsøstre i store deler av verda som opplever vald og lemlesting, krig og urett, manglande helsetilbod og dårlege skule- og utdanningstilbod. Difor er (diverre) kvinnedagen 2015 særleg viktig! Merk at eg ikkje har sagt noko om lik lønn for likt arbeid på landsplan! Der er der framleis mykje viktig arbeid å ta tak i.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Ut ifrå eigen kvardagserfaring og arbeidssituasjon kan eg likevel nemne at likestillinga i heimen er gjennomført med grei arbeidsdeling på dekkbyte, klevask, husarbeid, bilvask og rekningsbetaling. På jobb har eg både kvinner og menn til kollegaer, det er lik løn for likt arbeid, alle lagar kaffi og ryddar stort sett opp etter seg. Elles kjenner eg ikkje til detaljar i likestillingsarbeid i fylket.

Firda Melvær – ordførar i Askvoll

Frida Melvær

Frida Melvær er ordførar for Høgre i Askvoll.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Kvinnedagen er viktig også i 2015. I innhald og form har nok dagen endra seg mykje sidan den vart innført tidleg på 1900-talet. Dei sakene eg umiddelbart tenkjer på er kampen mot vald og overgrep mot kvinner, integrering og likeverd for minoritetskvinner, eit uoppnåeleg skjønnheitsideal som gjennomsyrer samfunnet, "flink pike-syndromet", kvinner og psykisk helse, framleis mangel på kvinner i leiande stillingar.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Eit paradoks ser vi mellom anna i det politiske miljøet -berre 3 av 26 ordførarar i Sogn og Fjordane er kvinner. Eg vil likevel framheve at vi har mange dyktige og sterke kvinner i Sogn og Fjordane. Desse er synlege innanfor næringslover, i politikken og i forvaltninga og på mange andre område. Eg vil særleg framheve dei som ikkje like ofte er i media - kvinnene i lokalmiljøa er etter mitt syn uvurderlege. Kvinner som tek grep, set dagsorden, bryr seg og involverer seg for å skape eit enda betre samfunn.

Kvinnene i lokalmiljøa er etter mitt syn uvurderlege

Frida Melvær (H)

Liv Signe Navarsete – stortingsrepresentant Sp

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete har vore mellom anna vore leiar i Senterpartiet.

Foto: Silje Guddal / NRK
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Me har framleis ikkje reell likestilling i Noreg, sjølv om tilstanden internasjonalt er langt verre. Arbeidslivet er framleis i stor grad kjønnsdelt, regjeringa vil svekke mange kvinner sine rettar gjennom å endre arbeidsmiljølova, og det er dessverre stort behov for fokus på vald i nære relasjonar. Eg meiner me på kvinnedagen også må ha solidaritet med kvinner globalt som lever sine liv i sterk undertrykking berre av di dei er kvinner.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– I Sogn og Fjordane har det vore større fokus på mobbing i den seinare tida enn på likestilling og diskriminering. Eg trur stoda i fylket vårt på desse områda er om lag som i landet elles. Det er viktig at dei unge kvinnene tek kampen for det dei meiner er dei viktigaste kvinnepolitiske sakene i vår tid. At det er vanskeleg å få ei god finansiering av Krisesenteret er ikkje eit godt teikn på at kvinnesak står sterkt i fylket i dag.

Ingvill Hestenes – dagleg leiar Melin Medical

Ingvill Hestenes

Ingvill Hestenes har oppnådd gründersuksess med betalingsautomatar på legesenter.

Foto: framtidsfylket.no
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Eg tenker at min generasjon er ein av dei som verkeleg kan nyte resultat av det som kvinner før oss har kjempa for. Nokre har betre rettar enn andre, og framleis ser vi sterk urett mot kvinner i 2015. Kontrastane mellom land, og innad i land er store. Samtidig trur eg at i 2015 er kvinner flinke til å vise takksemd, og at vi grip moglegheitene vi får. Eg trur og vi evnar å sjå heilskapen i kampen som må kjempast framover for at kvinner over heile verda skal ha same valfridomen og rettane som oss. Kvinner er flinke til å framsnakke, og kjempe for kvarandre.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Eg opplever mange tydelege, sterke og kompetente kvinner i Sogn og Fjordane i 2015, og tenker at vi er komne langt her i forhold til likestilling, likelønn og rettar.

Lise May Sæle – tidlegare fylkesleiar unge Høgre

Lise May Sæle

Lise May Sæle frå Balestrand blir rekna som eit stort politisk talent.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– For meg er kvinnedagen er framleis ein kampdag. Det er ein kamp for dei kvinnene som blir utsett for vald i heimen, kvinnene som toppar statistikken for psykiske lidingar, ein kamp for kvinner i slutten tjueåra som slit med å skaffe seg jobb og det er ein kampdag for dei kvinnene som jobbar ufrivillig deltid. Men det er ikkje ein kamp for sosialisme. Det er ikkje ein kamp for dei politiske løysingane til Ap, Rødt og SV.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Eg meiner det står bra til, sjølv om vi har eit veldig kjønnsdelt arbeidsliv. Kvinner vel offentleg sektor og menn ofte privat sektor. Difor må ein stimulere til at ein får eit kompetanseløft for dei kvinnedominerte yrka, blant anna i skole-, barnehage-, pleie- og omsorgssektoren.

Rebecka Randal, Ap-politikar, Gulen

Rebecka

Rebecka Fedøy Randal er tidlegare leiar i Sogn og Fjordane AUF.

  • Kva betydning har kvinnedagen i 2015?

– Kvinnedagen er svært viktig for kvinner verda over, men vi har framleis har ein lang veg å gå for å oppnå full likestilling.

  • Korleis står det til med likestilling og diskrimineringsarbeidet i Sogn og Fjordane i 2015?

– Blant Norges 20 største bedrifter er det ingen kvinnelege toppsjefar. Det er eit klart bilde på at likestilling i både Sogn og Fjordane og Noreg har eit godt stykke igjen og gå før vi kan seie oss ferdig med likestillingskampen.