Hopp til innhold

Meiner medaljefangsten er over forventa

BYRKJELO (NRK): Utøvarane frå Sogn og Fjordane tok åtte medaljar på heimebane.

Kristi Strømmen Kjerpeset på 100-meter

GODE RESULTAT: Mange av utøvarane frå Sogn og Fjordane tok medalje på heimebane, mellom andre Kristi Strømmen Kjerpeset.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er over det vi hadde forventa. Vi har dessutan ein del nesten-medaljar. Det viser at juniorfriidretten i fylket står relativt sterkt, seier Narve Heggheim i Norsk friidrett i Sogn og Fjordane.

Thomas Mardal sikra meisterskapens første gull til heimfylket, då han fredag tok gull i diskos. Deretter tikka medaljane inn – jamt og trutt.

Av dei meir overraskande gullmedaljane var Hans Sande og Inga Kårstad Skaar.

– Vi hadde ein del medaljekandidatar, men fekk i tillegg fleire gull som vi ikkje hadde kalkulert med, seier Heggheim.

Narve Heggheim

NØGD: Åtte medaljar er meir enn ein kunne vente, meiner Narve Heggheim.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vedgår at rekrutteringa kunne vore betre

Sogn og Fjordane vart ståande med éin medalje meir enn i fjorårets junior-NM. Men det er eit godt stykke opp til medaljefangsten i 2009 – då det enda med heile 16 medaljar.

– Ågangane våre svingar litt, og slik vil det nok vere. For nokre år sidan var folk som Trude Raad og Øyvind Strømmen Kjerpeset juniorar. Slike veks ikkje akkurat på tre. Men det kjem nok nye, seier Heggheim.

– Er rekrutteringa god nok?

– Vi skulle hatt endå betre rekruttering. No er det særleg litt svakt i Sogn, men vi har fått nye og opprusta anlegg – og det skalbidra til at det kjem nye utøvarar, seier krinssekretæren.

– Nordfjord og Gloppen er dominerande, og så ser vi litt vekst i Florø. Men det svingar, og det vil det også gjere framover

Beatrice Nedberge Llano og Thomas Mardal er nye kasttalent som skal hjelpe norsk friidrett tilbake i toppen.

Reknar med eit par hundre tusen i kassa

Leiar Rolf Kjetil Egge i hovudkomiteen meiner arrangementet har gått på skinner.

– Vi har hatt strålande ver og utruleg gode resultat. Her har det vore sett både meisterskapsrekordar og norske rekordar, seier han.

– Og økonomisk?

– Vi håpar å fordele litt pengar på arrangørlaga. Eg trur ganske sikkert at det blir eit par hundre tusen. Det er kjempeviktig for friidretten, seier Egge.

Fekk du ikkje med deg alt frå junior-NM? Her kan du oppdatere deg: