NRK Meny
Normal

Ho meiner matproduksjon aldri har vore meir hipt og kult enn i dag

På dei åtte åra Sp har sete i regjering, har over 600 bruk forsvunne i Sogn og Fjordane, og om lag 10.000 bruk på landsplan. Likevel meiner Liv Signe Navarsete at matproduksjon er blitt hipt og kult.

Created by InfoDispatcher

Val 2013 Senterpartiet utspørjing

– Mat er hipt og kult. Det har aldri vore så hipt som i dag. Eg trur det var fem sider i ei eller anna avis med matoppskrifter i dag. Det er mat overalt, og det er eg så glad for. Då må berre folk hugse at det blir ikkje hipt og kult med norsk mat utan norske matprodusentar, seier Navarsete.

I dag var ho i studio hjå NRK Sogn og Fjordane, der ho vart utspurd av reporter Erlend Blaalid Oldeide.

Men uansett kor hipt matproduksjon har vorte, kjem ikkje vekk ifrå fakta som syner at talet på bruk som produserer mat i Norge, rasar nedover, år for år.

– Det er fleire årsaker. For det første har landbruket vore nedpint inntektsmessig lenge. Det har teke tid for oss for å få til vekst i inntektene. Vi har kvart år sidan 2005 gitt norske matprodusentar same vekst i kroner, som andre grupper, seier Navarsete.

Er landbruket som sjølv effektiviserer

Ho legg til at det tidlegare gjekk på prosent, noko som førte til at landbruket berre fekk eit større og større gap til andre grupper.

– Men det er også viktig å minne om at landbruket sjølv effektiviserer. Der ein før brukte hest, brukar ein no enorme maskiner, seier Navarsete.

– Viss den raudgrøne regjeringa får halde fram, vil det då ta slutt at vi mister så mange bruk som vi har gjort til no?

– Landbruket sine utøvarar er sjølvstendig næringsdrivande. Dei tek sine avgjerder om å opprette, utvikle eller avvikle etter sin eigen situasjon. Det vi må gjere er å styrkje inntektsgrunnlaget, gjere det mogleg å investere, og behalde importvarene, slik at vi sikrar inntektsmoglegheitene, seier Navarsete.

– Det er ikkje slik at bønder er statstilsette. Vi kan leggje til rette rammer som gjer at folk skal kunne utvikle bruka sine, seier Navarsete.

Dreg alle andre parti etter seg

– Er det Ap som er problemet for utviklinga til bønder?

– Regjeringa står samla bak den politikken som vi har. Men i landbrukspolitikken står Sp og dreg alle andre parti etter seg, seier Navarsete.

– Men er Sp skuldlause i at 600 bruk har forsvunne frå fylket?

– Det sa ikkje eg. Vi tek sjølvsagt ansvar for den politikken som vi har ført. Men vi tek også ansvar for det vi har gjort som er bra. Vi tek også ansvar for dei som opplever at dette ikkje er godt nok, seier Navarsete.

Likevel peikar ho på at det er mykje som har vorte betre dei siste åtte åra.

– Det er ein skilnad når ein etter vår tid har fått pluss tre milliardar kroner til landbruket, medan den førre regjeringa enda med minus 600 millionar kroner over ramma, seier Navarsete.

Blir meir ivrig av dårlege målingar

Ho og partiet har gjort gode val i fylket, både i 2005 og 2009. Men lokale valmålingar i valåret syner at Senterpartiet slett ikkje kan vere sikre på å komme over sperregrensa, og mandatet her i fylket, kan vere truga.

– Kvifor går det så trått for deg?

– Det å vere eitt av to av dei mindre partia i regjering, gjer vel ikkje til at vi profilerer oss like mykje som det store partiet.

– Eg vil ikkje seie det er dårlege meiningsmålingar. Eg vil heller seie at for fire år sidan var det ekstremt gode målingar, og eit ekstremt godt val. Eg trur det skuldast at eg sat som samferdsleminister. Her i fylket er folk opptekne av samferdsle, seier Navarsete.

Ho meiner ein må sjå meir på dei lengre linjene.

– Det gjer meg endå meir ivrig til å stå hardare på. Eg minner folk om at det står mykje på spel 9. september, seier Navarsete.

Tek den jobben veljarane gir ho

Ho meiner folk må tenkje på kva dei ønskjer, og kva konsekvensar eit regjeringsskifte får.

– Det står att å sjå om veljarane framleis ser at Sp betyr endring, at vi betyr viktige skiljelinjer i norsk politikk, og at vi står for verdiar som er viktige å ta vare på inn i framtida, seier Navarsete.

Om valet fører til at Navarsete ender opp som vanleg meinig stortingsrepresentant, tek ho også den utfordringa.

– Eg er motivert til å ta den jobben som veljarane måtte velje å gi meg. Eg må for det første bli innvald på Stortinget. Men eg ønskjer at Sp skal halde fram i regjering, og eg jobbar for at vi skal gjere eit godt val. Viss så ikkje skjer, skal eg vere ein god ambassadør for fylket og stå på for deira interesser, seier Navarsete.

Men ingen veit kor E39 skal gå

Navarsete har tidlegare lova ei avklaring av kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord, men denne avgjerda let vente på seg.

– Kvifor tek dette så lang tid når du er så klar på kvar du meiner vegen skal gå?

– Fordi storebror Arbeidarpartiet er like tydelege på sitt standpunkt. Dei har skifta standpunkt etter at Kvivsvegen vart bygd, dei har også valt indre linje, seier Navarsete.

Det har gått 18 år sidan Navarsete kom som eit friskt pust inn i fylkespolitikken etter eit par periodar i lokalpolitikken i Sogndal.

Ho var innom regjeringskontora som politisk rådgjevar i sosialdepartementet i Bondevik I, var fylkesleiar i partiet i seks år, og vart vald til andre nestleiar i partiet sentralt.

Ho vart vararepresentant på Stortinget, bak Jorunn Ringstad, i 2001, men var sjølv toppkandidat i 2005, og fekk fast stortingsplass. Ein plass ho aldri har brukt.

Ho vart samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa rett etter valet i 2005. Etter valet i 2009 skifta ho departement og tok over kommunal- og regionaldepartementet.

Etter at Åslaug Haga trekte seg som partileiar, under relativt dramatiske omstende hausten 2008, har Navarsete også vore partileiar.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.