Hopp til innhold

Meiner mann i 40-åra svindla til seg 600.000 med falsk identitet

Ein mann i 40-åra er sikta for grovt bedrageri og er varetektsfengsla i fire veker medan politiet etterforskar saka vidare.

Kristine Bu

UNDERSØKER: – Det står att ein del etterforsking for å få oversikt over pengestrøyminga i saka, seier politiadvokat Kristine Bu.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ifølgje rettsavgjerda til Sogn og Fjordane tingrett har mannen erkjend straffskuld.

– Den sikta skal ha søkt om lån og kredittkort frå fleire finansinstitusjonar ved å bruke falsk identitet. På den måten har han fått til saman 600.000 kroner utbetalt til seg sjølv og til kredittkort som han disponerte, seier politiadvokat, Kristine Bu.

Den sikta er ein utanlandsk statsborgar med avgrensa tilknyting til landet. Han er no varetektsfengsla fordi politiet fryktar at han vil forlate landet og ikkje vil møte i retten.

Saka vart kjent for politiet då fornærma melde saka til politiet. Bu fortel at det står att ein del undersøkingar i den vidare etterforskinga.

Det var den fornærma parten som melde saka til politiet.

Mannen skal ha forklart at han har vore utsett for truslar, og at delar av pengane er overført til utlandet. Kommunikasjon med mottakarane skal ha gått gjennom ein kryptert app.

– Vi må undersøke forklaringa som den sikta har gitt til politiet, og det står att ein del etterforsking for å få oversikt over pengestrøyminga i saka.

Forsvarar Ivar Hauge seier mannen har forklart seg for politiet, men ynskjer ikkje på noverande tidspunkt å kommentere saka utover det.