NRK Meny
Normal

Meiner manglande mobildekning burde vere skilta

Tre mil av fjellvegen mellom Lærdal og Aurland er utan mobildekning. Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim meiner bilistane i det minste bør opplysast om dette.

Ordførar Jan Geir Solheim

MOBIL: Ordførar Jan Geir Solheim hadde helst sett at Aurlandsvegen fekk mobildekning. Å opplyse bilistane om at det ikkje er mobildekning på strekninga, kan vere eit alternativ.

Foto: Picasa

– Det er ikkje ein dum tanke. Då vil iallfall dei reisande vere varsla om korleis stoda er, seier Solheim.

Vel tre mil av fjellvegen mellom Aurland og Lærdal er utan mobildekning. Det betyr at dersom ei ulykke skulle skje på denne strekninga, vil reisande i verste fall vere halvanna mil utan dekning, og dermed ute av stand til å ta kontakt med hjelp dersom dei treng det.

Mange fjellovergangar er skilta slik at reisande er åtvara om at det ikkje vil vere mogleg å til dømes fylle drivstoff før ein har kryssa fjellet.

Telenor har ingen planar

Solheim trur ikkje det er ein dum idé å varsle trafikantar om at ein vegstrekning er utan mobildekning. For dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier det ikkje ligg inne planar om å gjere noko med den manglande dekninga.

– Det finst korkje straum eller samband, så her må ein berre nyte køyreturen og vere klar over at ein manglar mobildekning, seier Amundsen.

Han peikar på at dette er stoda i vel 15 prosent av arealet i Norge.

– Eg trur vi er blitt så vane til å ha mobildekning alle stadar i dag, at vi ikkje tenkjer tanken på at vi plutseleg ikkje har det. Viss noko alvorleg skjer, og ein ikkje har dekning, så vert ein rådvill. Slik sett vil det vere lurt å vite at ein ikkje har dekning, seier Solheim.

– Vi har basert oss på at mobilen verkar, også når krisene har ramma. Men under dei to-tre største krisene har mobildekninga forsvunne, og det er katastrofalt. Vi er avhengige av god kommunikasjon, seier Solheim.

Aurlandsvegen

NULL SIGNAL: På ei strekning på tre mil finst det ikkje mobildekning på fjellvegen mellom Aurland og Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Kan søkje om å få setje opp skilt

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, understrekar at Vegvesenet ikkje baserer sin beredskap på at det er god mobildekning.

– Ein god del av vegnettet vårt har ikkje mobildekning. I vårt beredskapsopplegg har vi lagt opp til at vi må ha ein annan type tilsyn med vegnettet enn å kunne lite på mobildekning, seier Slinde.

Slinde understrekar at Vegvesenet ikkje har noko skilt som informerer reisande om at ein er på veg inn i eit område utan dekning.

Men han utelukkar ikkje at det kan la seg gjere dersom kommunar ønskjer å synleggjere for vegreisande at det manglar mobildekning, med tanke på den kommunale beredskapen.

– Det er ei vurdering som kommunane må gjere. Viss dei ønskjer skilt, så kan dei søkje Vegvesenet om det. Det er reglar i plan- og bygningslova og veglova som regulerer denne type skilt, men søkjer dei, skal det relativt fort bli klart kva ein kan gjere, seier Slinde.