Hopp til innhold

Meiner lokalt brannvesen berga liv

Den største brannen på nitti år, brann i ein av dei lengste tunnelane i Noreg, og til sist ein katastrofal flaum. Lokalt brannvesen og redningsmannskap er avgjerande for at liv ikkje gjekk tapt i katastrofane, meiner ordførarar i Sogn.

Sogn katastrofar montasje

EITT ÅR: På berre eitt år har brannvesenet vore med på mange store hendingar i Sogn. Gudvangatunnelen (oppe t.v.), storbrannen i Lærdal (nede t.v.) og storflaumen

Foto: NRK

– Det er heilt avgjerande. Skal vi løysa oppgåver er vi avhengige av å ha ressursar nær områda der krisa skjer, seier Distad.

Førre veke måtte totalt 160 personar evakuerast under flaumen i Flåm, då vassmengdene tok med seg vegar og hus. Utan lokale brann og redningsmannskap hadde redningsjobben vorte vanskelegare, meiner Distad.

– Me er heilt avhengige av lokalkunnskap, folk som kjenner vegar og kvar folk bur. Det er uhyre viktig, seier ordføraren i Aurland.

Katastrofeår og kritikk frå DSB

Det har vore eit katastrofeår for Aurland og Lærdal. For eitt år sidan blei 80 personar redda ut frå ein brann i Gudvangatunellen.

I januar brann over 40 bygningar ned til grunnmuren på Lærdalsøyri, i den verste brannen på over nitti år. Ingen liv gjekk tapte.

Etter brannane har direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap kritisert lokale brannvesen for at dei har for dårleg leiing og strategi. DSB konkluderte då med at større einingar ville takla katastrofane betre. Ordførarane raste mot kritikken, og det same gjorde brannsjefane.

– Lokalkunnskapen er avgjerande

Og dei står på sitt i dag. Større betyr ikkje betre, meiner Distad.

Noralv Distad

ORDFØRAR AURLAND: Noralv Distad.

Foto: NRK

– Me skal sjølvsagt samarbeide på tvers av kommunegrenser og fylkesgrenser. Me har bruk frå hjelp utanfrå. Men sjølve basisen for å få det til å fungere i førsteinnsatsen med nokon som står løpet ut gjennom heile krisesituasjonen, må baserast på at ein er til stades lokalt.

Også Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal, der 31 menneske måtte evakuere og mange vegar vart skadde under flaumen, er klar på at innsatsen til brann- og redningsmannskapa under storbrannen og flaumen var formidabel. Han synest det er merkeleg at ein skal endre på noko som faktisk fungerer bra i dag.

Ordførar Jan Geir Solheim

ORDFØRAR LÆRDAL: Jan Geir Solheim.

Foto: Picasa

– Ja, eg synest det er mykje vi kan ta tak i i dette landet, men eg skjønner ikkje dette. Vi har vist at vi får det til når det verkeleg trengst. Det er trass alt store hendingar vi snakkar om, og ingen er drepne eller kritisk skadde.

– Kunne det vore gjort betre med større einingar?

– Nei, det trur eg ikkje. Når det kjem til redning i slike akutte hendingar som dette, er det berre lokal tilknyting og kunnskap som tel, seier Solheim.

– Handlar ikkje om færre brannstasjonar

Brannstudien som kom i januar, anbefalte å ha langt færre brannvesen enn dei 295 vi har i dag, og helst fylkesbrannvesen.

Per Brekke, avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, vil ikkje seie kor store einingar dei ønsker. Men forslaget til eit større brannvesen betyr ikkje færre brannstasjonar. Det er berre leiinga som skal sentraliserast.

– Det som er viktig å få fram er at dette ikkje handlar om reduksjon i antalet brannstasjonar, seier Brekke.

Per Brekke

PER BREKKE: Avdelingsdirektør i DSB

Foto: dsb.no

Han vil at den nye organiseringa etter ei reform skal vere ei støtte for lokalt brannvesen.

– I dei situasjonane der lokalt brannvesen treng hjelp og støtte, der det er utfordringar på det førebyggande og branntekniske arbeidet, ønsker vi at det apparatet står i ryggen og at dei kan lene seg mot dette og vere ein del av det.

Brekke seier dei no skal evaluere innsatsen som vart gjort under storflaumen, for å finne ut korleis brannvesenet kan bli endå betre i framtida.

– Den lokalkunnskapen kommunane har, og som brannvesenet ofte representerer, er heilt avgjerande. Vi skal trekke lærdom av flaumen, og vere opne på korleis vi skal overføre denne lærdomen både til dei råka kommunane og andre som kan møte liknande utfordringar, seier han.