Hopp til innhold

– Det burde ikkje vere tvil om at vi blir gode legar

Medisinstudentar i Budapest synest helseminister Bent Høie er dobbeltmoralsk når han meiner at det blir utdanna for mange norske legar i utlandet.

Maren Helland Eidsmo og Tina Hyllestad

JOBBAR HARDT: Maren Helland Eidsmo (21) frå Stavanger og Tina Hyllestad (23) frå Førde er legestudentar ved Semmelweisuniversitetet i Budapest. Dei seier studiet er knallhardt og er overbeviste om at dei kjem til å bli gode legar – om dei klarer å fullføre utdanninga.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi kjem tilbake med akkurat dei same kunnskapane som norske studentar har. Kanskje endå meir, seier medisinstudent ved Semmelweisuniversitetet i Budapest, Tina Hyllestad frå Førde.

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie meiner det er ei utfordring at om lag halvparten av legane i Noreg har utdanning frå andre land.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Ho er ein av cirka 3500 norske medisinstudentar i utlandet og ein av rundt 650 norske medisinstudentar i Ungarn. Ho stiller seg ganske uforståande til Bent Høie som i ein stortingsdebatt nyleg sa at han meiner det ikkje er bra at nær halvparten av norske legar har utdanning frå utlandet.

– Eg synest vi støtt og stadig får høyre at det vert utdanna for få legar. Når det ikkje finst nok studieplassar i Noreg vert det litt dobbeltmoralsk å snakke ned medisinutdanningar i utlandet, seier Hyllestad.

Skuffa over Høie

Ole Kristian Bratset

OPPGITT: Ole Kristian Bratset i ANSA meiner Bent Høie bør vere glad for at mange norske legestudentar tek utdanning i utlandet.

Foto: Ragnhild Utne

Hyllestad får støtte frå presidenten i ANSA, foreining for norske studentar i utlandet, Ole Kristian Bratset. Han er skuffa over haldninga til Høie og meiner kritikken er ufortent.

– Eg synest det er urettferdig at studentar frå utlandet stadig skal kome i andre rekke. Eg meiner etnosentrisme ligg til grunn når folk framleis trur at det som kjem frå Noreg er så mykje betre enn det som kjem frå andre land, seier Bratset.

Norske studentar prioritert

Når Tina frå Førde og Maren frå Stavanger kjem til Noreg som nyutdanna legar må dei gå i turnus før dei kan jobbe som fastlege, i kommunal legevakt, eller som lege i spesialisering. Men her må dei vente på tur, for det er for få turnusplassar for tida og norske legestudentar er prioriterte.

– Det er urettferdig og det må gjerast noko med, seier Maren Helland Eidsmo.

Tina Hyllestad og Maren Helland Eidsmo på lesesalen

STUDERER: Tina Hyllestad og Maren Helland Eidsmo har lange dagar på lesesalen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Meiner det er nok turnusplassar

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helsedepartementet meiner dagens mengd turnusstillingar er passe.

barnekreft

NOK: Statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helsedepartementet meiner det er nok turnusplassar sjølv om fleire nyutdanna legar må vente.

Foto: nrk

– Vi kjem aldri til å ha så mange studieplassar at vi kan garantere alle som er ferdig med medisinstudiane ein turnusplass. Men dei kan jobbe som lege og få med seg nyttige erfaringar så lenge, seier ho til NRK.

Ein dag om gangen

Medisinstudentane ved Semmelweisuniversitetet i Budapest tenkjer akkurat no mest på neste eksamen. Og det er i grunnen nok.

– Det er utruleg mykje å lese. Og på eksamen vert vi testa munnleg på så å seie alle fag, seier Hyllestad.

Både ho og studievennina Maren Helland Eidsmo er overbeviste om at dei kjem til å bli gode legar til slutt.

– Vi er i små grupper heile dagen og vi jobbar veldig mykje praktisk. Visst vi klarer å fullføre denne utdanninga er eg sikker på at vi kan gjere ein god jobb i Noreg, seier Eidsmo.