Hopp til innhold

Meiner legemiddelindustrien er kynisk

– Legemiddelindustrien opptrer kynisk for å få nye medisinar ut på marknaden, seier Hans Johan Breidablik som er fagdirektør i Helse Førde.

Hans Johan Breidablik

KRITISK: Hans Johan Breidablikk er kritisk til legemiddelindustrien

Foto: Bård Siem / NRK

– På få år har kostnadene til dyre medisinar auka frå 250 millionar til ein milliard på Vestlandet. Ein altfor stor del av helseutgiftene går til kostbare medisinar med svært avgrensa effekt, seier Breidablik.

Som fagdirektør i Helse Førde dei siste 11 åra, har Breidablik følgt nøye med på den helsemedisinske utviklinga både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er ikkje alt han likar like godt.

Større makt

Breidablik meiner legemiddelindustrien har fått stadig større makt, ei utvikling han likar svært dårleg.

Mykje av det som går føre seg i legemiddelindustrien er kynisme.

Hans Johan Breidablik

– Legemiddelindustrien spyr ut enormt kostbare medisinar med ofte ganske små effektar, men dei tvingar dei som skal prioritere til å betale for det. Mykje av det som går føre seg i legemiddelindustrien er kynisme, seier Breidablik.

Fagdirektøren legg samtidig til at ein del av den midisinen som blir produsert er avgjerande viktig for fleire pasientgrupper.

– Vi må ikkje gå til den ytterkant å seie at ein ikkje har behov for noko medisin, seier han.

Les også: Krever åpenhet fra legemiddelindustrien

Likar ikkje

NRK møter Johanne Øye Hoel (19) på apotek i Førde. Ho skal kjøpe medisinar ho skal ha med seg på ei utanlandsreise.

– Eg likar ikkje at legemiddelindustrien tenkjer på mest mogleg profitt, seier ho.

Apotek

Johanne Øye Hoel han ingen sans for at legemiddelindustrien set opp prisane så mykje som mogleg på medisinar for å tene mest mogleg pengar. Her er ho på apotek i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Avviser kritikken

Karita Bekkemellem, administrerande direktør i den norske legemiddelindustrien, avviser kritikken frå Breidablik.

Karita Bekkemellem

Vår oppgåve er å levere legemiddel som gjev auka overleving og auke livskvalitet, seier Karita Bekkemellem, administrerande direktør i den norske legemiddelindustrien. Ho avviser at profitt er det einaste viktige.

Foto: NRK

– Vår oppgåve er å levere legemiddel som gjev auka overleving og auke livskvalitet. Ambisjonen er at den norske pasienten skal få behandling i verdsklasse. Eg vil avvise den kalde og kyniske tilnærminga som Breidablik har til legemiddelindustrien, seier ho.

Les også: Dette visste du ikke om legemiddelindustrien

Men der er vel ikkje tvil om at legemiddelindustrien tener svært gode pengar?

– Legemiddel utgjer om lag seks prosent av dei totale helseutgiftene. Det er ikkje der utfordringane ligg i høve helsebudsjetta, seier ho.

Dette er provoserande oppgulp.

Karita Bekkemellem

Forstår Breidablik

Fagdirektør i Statens legemiddelverk, Steinar Madsen, forstår Breidablik sin frustrasjon.

steinar

Steinar Madsen seier legemiddelindustrien er som all anna type industri der profitt er hovudmålet.

Foto: Roald, Berit / NTB Scanpix

– Breidablik sin uro forstår eg veldig godt. Sjukehusa får større og større utgifter til medisinar. Det gjer at ein må ta pengar frå andre felt innan helsevesenet.Vi har sett døme der prisen per milligram for eit legemiddel har vorte dobla 40 gonger. Legemiddelindustrien vil ha så høge prisar dei kan få, seier Madsen.

– Provoserande oppgulp

Bekkemellem er provosert over Madsen.

– Dette er provoserande oppgulp frå Statens legemiddelverk som vi har høyrd i ei årrekkje, seier ho.

Breidablik seier heile helsesektoren blir påverka av legemiddelindustrien.

– Når gamle folk går rundt med 22 ulike pillar så er heile greia ut av kontroll. Legemiddelindustrien tenkjer berre på profitt, seier han.