Hopp til innhold

Meiner langt gras framleis utgjer brannfare i Lærdal, ber kommunen gripe inn

– Lærdal kommune må gjere ein betre jobb for å sikre eit betre vedlikehald av gamle Lærdalsøyri, seier Jarle Offerdal, som er leiar for arbeidsgruppa for gamle Lærdalsøyri.

Han undrar seg over at ein brukar store ressursar på brannsikring med sprinkling, medan attgroing på eigedomane utgjer brannfare.

– Etter storbrannen i fjor såg vi jo at vinden spreidde brannen i turt gras. Det brann jo opp etter fjellsidene, det brann over alt, seier Offerdal.

Like før klokka 23 laurdag 18. januar kom meldinga om det som seinare er blitt heitande storbrannen i Lærdal. 681 personar vart evakuerte frå heimane sine. 42 bygningar, 17 av dei bustadhus brann ned til grunnen.

Ny fyringssesong

No står ein ny fyringssesong for døra, der folk fyrer mykje for å halde varmen, noko som tørkar opp treverket i bygga. Tysdag tok professor Torgrim Log til orde for ei nasjonal varslingsteneste når vêret er slik som det var før storbrannen.

I tidlegare tider vart det og gjerne innført fyringsbod i periodar med kald og turr vind som tørka både hus og vegetasjon.

– Det vi ser no i gamle Lærdalsøyri er problem med attgroing. Då eg vaks opp var det framleis dyrehald der, no ser vi at det gror igjen. Vi har ustelte eigedommar som utgjer ein brannfare, seier Offerdal.

Ber folk slå plenen

Jan Geir Solheim

STRENGE KRAV: Jan Geir Solheim (Sp) er ordførar i Lærdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har tidlegare oppmoda innbyggarane om å halde graset korklipt, særleg no utover vinteren. Eg vil no og ha ein gjennomgang og sjå om vi har kommunale eigedommar med høgt gras. Det er noko av lærdommen etter storbrannen, at vi ikkje ynskjer langt gras, seier ordførar Jan Geir Solheim.

– Men kva sanksjonsmogleheiter har de overfor dei som ikkje slår plenen?

– Eg ser vel ikkje for meg at Lærdal kommune rykker inn med grasklipparar i hagane til folk. Men folk i Lærdal tar stort samfunnsansvar, og skulle det vere noko som heng etter med vedlikehaldet så får vi berre oppfordre på ny, seier Solheim.

Strenge krav

– Men i lys av storbrannen burde ein ikkje då stille strengare krav?

– Jo, og vi stilte strenge krav i fjor haust, og det er mogleg vi skal ta ein ekstra runde no før det blir turt gras igjen, seier Solheim.

I gamledagar gjekk ein brannvakt i gata, og hadde beredskap med fyringsforbod når vêrtilhøva tilsa det. Det var ein type beredskap som ikkje hadde nådd inn i HMS-protokollane til kommunen då Lærdal vart råka av flammane i januar. 2014. Solheim vedgår at denne typen lærdom kan gå i gløymeboka når ein får det på litt avstand.

– Det er klart det er mange ting som er lett å gløyme, men vi er observante på ein heilt annan måte i Lærdal no etter storbrannen. Det er mange kommunar som ynskjer å lære av oss, men også vi har godt av å bli minna på det sjølv om eg meiner det ikkje er eit problem no.