Hopp til innhold

Ordføraren i Lærdal: – No kan alle gå vidare

– Det har teke lang tid, men eg forstår at det har vore vanskeleg å finne noko brannårsak. Eg trur dette kan hjelpe oss med å komme vidare.

Jan Geir Solheim

SER FRAMOVER: Ordførar Jan Geir Solheim har venta lenge på rapporten etter storbrannen i Lærdal. Denne konkluderer med at

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), etter at politiet gir opp å finne noko årsak til storbrannen i Lærdal.

Over 70 personar mista heimane sine i brannen 18. januar. I alt 40 bygningar brann heilt ned.

– No kan vi vere trygge på at ingen har skyld i at brannen starta. Det er veldig godt, og veldig viktig, seier Solheim til NRK.

Uråd å finne årsak

Politiet har etterforska brannen breitt, men huset brannen starta i var så skadd at dei ikkje har klart å påvise noko eksakt brannårsak.

Politijurist i saka, Katrine Trønsdal, seier dei har sendt fire-fem elektriske gjenstandar til analyse hos Kripos.

Ho vil overfor Statsadvokaten innstille på at saka blir lagt vekk frå politiet si side.

(Artikkelen held fram under biletet)

Branntomt i Lærdal.

SPREIDDE SEG: Brannen starta i eitt hus, og kraftig vind gjorde at flammane spreidde seg til andre hus og bygningar på Lærdalsøyri.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet har ikkje mistenkt noko straffbart. Dei meiner brannen har ei elektrisk årsak, og at den starta inne på kjøkkenet.

– Det er det vi reknar med, men på grunn av skadane på alle dei elektriske komponentane i området, var det ikkje råd å finne ei årsak, seier lensmann i Lærdal Per Thomas Klingenberg.

Kan sjå framover

I Lærdal er ein no i gang med attreisingsarbeidet etter storbrannen. Ordførar Solheim seier både han og innbyggjarane har venta på rapporten.

Sjølv om denne ikkje kan gje noko meir svar på brannårsaka, meiner Solheim at innbyggjarane no kan sjå framover.

– Det hadde vore veldig sørgjeleg om nokon hadde hatt skuld i den. Det er godt at vi no kan leggje den utgreiinga og det spørsmålet bak oss. Så trur eg det blir betre for alle at vi lettare kjem oss vidare, seier han til NRK.

– Men no konkluderer ikkje rapporten med noko i det heile?

– Nei, men då kan det heller ikkje spekulerast i. No er det gjort alt som står i ekspertane si makt for å finne årsaka, og den finn ein ikkje. Då er det ikkje grunn til å spekulere meir på det heller.

Kraftig vind

– Det er klart at det er ein del menneske som har gått rundt og frykta at det var noko dei eigde eller hadde som kunne vere årsaka, men no har vi ingen slike, seier han og vedgår at ein helst skulle fått svar på kvifor brannen starta.

Flammane spreidde seg frå hus til hus i den kraftige vinden som var i Lærdal den aktuelle natta. Solheim forstår at enkelte kan vere skuffa over at den endelege brannårsaka ikkje blir konkludert med.

– Men så må det også vere godt å tenkje at då er det ikkje konkludert med kvar det starta og ingen som kan føle skyld i denne saka. Det tykkjer eg må vere godt, avsluttar han.