Hopp til innhold

Prosten vil leggje ned kyrkjer

Prost Geir Sørebø i Nordhordland og Ytre Sogn prosti, meiner avvikling av kyrkjebygg blir ein av dei store debattane for Den norske kyrkja i åra framover.

Geir Sørebø

KONTROVERSIELT: Prost Geir Sørebø veit at eit slikt utspel er ein brannfakkel, men meiner kyrkja må ta debatten.

Foto: Anna Gytri / NRK

Prosten seier i søndagens Bergens Tidende at han meiner kyrkja ikkje lenger kan halde fram med å leggje ned prestestillingar og kutte i aktivitet, medan store summar går til å halde ved like bygg som står ubrukte store delar av tida.

– Mange av kyrkjebygga er dyre å halde i drift og lite tenlege til dagens behov. Kva vi skal gjere med mange av dei, vil bli ei stor utfordring i tida som kjem, seier Sørebø til bt.no.

Vanleg å skifte kyrkjestad før

Han fortel at han er villig til å akseptere at kyrkjer må leggjast ned.

– Om det går så langt at det nesten ikkje er folk att i området, meiner eg det, ja. Ser vi historisk på det, har kyrkjer ofte vorte flytta, seier Sørebø til avisa.

Han syner til at det til dømes i Ytre Solund er skifta kyrkjestad tre gonger. I mellomalderen var det Utvær, så vart kyrkja flytt til Husøy. No har Straumen vore kyrkjestad i over 100 år.

Øn kapell vart redda

I Hyllestad gjekk soknerådet i Hyllestad inn for å rive Øn kapell, då det var i dårleg forfatning og lite brukt.

Det fekk folk til i mobilisere, og etter ein innsamlingsaksjon, samla bygdefolket inn over 200.000 kroner.
Kapellet fekk nytt sakristi og toalettilhøva vart utbetra. Utvendig kom det på plass rullestolrampe.

Ifølgje siste årsmeldinga til Bjørgvin bispedømme går talet på gudstenester nedover. Det same er tilfelle med frammøtet.

– Det ser ut som om kjernekyrkjelyden av trufaste kyrkjegjengarar over år anten er vorte mindre eller så går dei sjeldnare, heiter det i årsmeldinga frå biskopen i Bjørgvin.