NRK Meny
Normal

Vil ha ordføraropprop mot kutt i psykiatrien

– Kutt i barne- og ungdomspsykiatrien strir mot nasjonale føringar, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo. No håpar han ordførarane i heile fylket vil kjempe for å behalde dagens tilbod.

Alfred Bjørlo

OPPROP: Alfred Bjørlo håpar dei andre ordførarane i Sogn og Fjordane vil gå saman med han for å hindre at det blir kutta i tilbode til barne- og ungdomspsykiatrien.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det som uroar meg mest er at det er ei pasientgruppe som ikkje ropar høgast eller seier frå sjølve. Vi som politikarar må hjelpe desse på eit tidleg tidspunkt, slik at dei ikkje får psykiske plagar som føl dei resten av livet, seier Alfred Bjørlo, Venstreordførar i Eid.

Det er føreslått millionkutt og færre tilsette innan Barne- og ungdomspsykiatrien for at Helse Førde skal få budsjettet i hop neste år. Det kjem i tillegg til kutt på store nedskjeringar desse tenestene gjennomførte for berre to år sidan. Tilsette er særs uroa for situasjonen.

– Toler ikkje fleire kutt

Bjørlo frir no til ordførarane i dei andre kommunane i fylket, og håpar å få dei med på eit opprop mot endringar i tilbodet.

– Kutta strir mot det vi prøver å gjere ute i kommunane, der vi prøver å trappe opp innsatsen saman med Helse Førde sitt apparat. Alle eg har snakka med i kommunane er uroa for dette feltet, for det toler ikkje fleire kutt, seier Bjørlo.

Klinikkdirektør, Ole Christian Reusch, sa til NRK tidlegare i dag at også han er uroa over kutta, men meiner tilbodet likevel vil vere forsvarleg.

– Eg kunne ikkje foreslå eit budsjett for 2015 viss eg ikkje meinte at det var fullt ut forsvarleg å drive det vidare utan vesentlege kvalitetsreduksjonar. Men vi må jobbe for å redusere dei moglege skadeverknadane, seier han.

Meiner kutta strir mot alle nasjonale signal

Bjørlo vil også ta saka opp på nasjonalt nivå, for han meiner Helse Førde sine planar strir mot nasjonale føringar frå regjering og storting. Helseminister Bent Høie frå Høgre kan vente seg eit skriftleg spørsmål frå Venstre sitt medlem i Helsekomiteen, Ketil Kjenseth.

– Han er særs overraska over å høyre at Helse Førde vil kutte på eit område som ein nasjonalt har vedteke å prioritere opp. Vi treng ei avklaring på om det helseføretaket no gjer er i tråd med nasjonale føringar, seier Bjørlo.

Og den avklaringa må kome snarast råd.

– Det må kome umiddelbart, og reaksjonane frå kommunane må kome før Helse Førde vedtek endeleg budsjett for 2015.

Helseføretaket har budsjettmøtet sitt i desember.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser