Hopp til innhold

Regjeringa vil kutte postombering på laurdagar – katastrofe for avisene meiner redaktør

– Det er katastrofalt for avisene viss regjeringa bestemmer seg for å kutte postomberinga på laurdagane. Det seier Firda-redaktør Yngve Årdal.

Montasje, lokalaviser

VIL REDUSERE POSTOMBERINGA FRÅ SEKS TIL FEM DAGAR I VEKA: Viss framlegget går gjennom, vil du ikkje få post i postkassen på laurdagar. Dermed vil du heller ikkje få lokalavisa, dersom den vert distribuert gjennom Posten.

Foto: MONTASJE: Eirik Hildal og Bård Siem / NRK

– For Firda sin del så går 35 prosent av avisene med posten. Det betyr at 3500 av våre abonnentar ikkje lenger vil kunne få avisa i postkassen på laurdagane, seier Årdal.

Onsdag ettermiddag blei det kjent at regjeringa ønskjer å kutte postomberinga laurdagar. I ei pressemelding på Samferdsledepartementet si heimeside skriv samferdsleminister Ketil Solsvik Olsen at årsaka er at dei har sett ein kraftig nedgang i postsendinga på laurdagar.

Mykje mindre post går ut på laurdagar

Det vert berre delt ut ein fjerdedel så mykje post på laurdagar som dei andre vekedagane. Ifølgje samferdsleministeren er det naudsynt å ta grep for å oppretthalde eit godt og framtidsretta posttilbod.

Samferdsledepartemenet sender utkast til ny postlov og postforskrift ut på høyring med frist 26. januar 2015 for å gi innspel.

– Dette vil få dramatiske konsekvensar for Firda og andre aviser som kjem ut på laurdagar, seier Årdal.

Oddmund Klakegg

REAGERER MOT KUTT: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

I Jølster er ordførar Oddmund Klakegg skuffa over at regjeringa vil kutte postombering på laurdag.

– Sjølv om dei fleste av oss no kan lese nyheiter på internett, så er det framleis ei aldersgruppe som set stor pris på å kunne få papiravisa i postkassen, seier Klakegg.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Regjeringa ynsker å kutte leveringa av post på laurdagar. 
Årsaka er at dei ser at stadig færre sender post i helga.
Dette vil gå ut over pressa, som ikkje vil få levert avisene sine på laurdagar til dei som bur utanfor sentrum.

Råkar distrikta

Klakegg meiner det også vil kunne få konsekvensar for næringslivet i distrikta

– Vi har jo vent oss til at ting skal skje stadig fortare. Viss posten kuttar laurdag betyr det at dersom ein verkstad har bestilt deler før helga, så vil ikkje dei vere på plass måndag morgon slik som i dag, seier Jølster-ordføraren.

– Næringslivet vil framleis kunne nytte seg av gode ekspresstenester som vil fortsette å eksistere sjølv om vi reduserer postomberinga frå seks til fem dagar i veka.

Det seier Reynir Jóhannesson som er politisk rådgjevar i samferdsledepartementet.

Politisk rådgiver Reynir Jóhannesson

VIL KUTTE POSTOMBERING LAURDAG: Reynir Jóhannesson er politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

Må sjå kor stort behovet er

Han seier at når det gjeld avisene så er dei opne for å ta imot høyringsinnspel, men har i dag ikkje konkrete alternativ å tilby avisene.

– Det vi først må gjere er å sjå kor stort behovet er, høyre kva avisa har å seie. Så får vi heller kome tilbake til korleis dette skal løysast, seier Jóhannesson.

I Firda meiner redaktør Yngve Årdal at departementet ikkje har tatt inn over seg kor viktig posten er i distrikta.

– Vi kan ikkje levere med bod på same måte som avisa i dei store byane, så posten betyr svært mykje for oss, seier Årdal.

– Kan dette bety at de kanskje må kutte laurdagsutgåva på papir?

– Eg vil ikkje forskotere noko som helst, men dersom kundane våre må vente til måndag med å få laurdagsavisa så blir vi mindre aktuelle som avis. Så vi som har avis seks dagar i veka på papir må tenke nøye gjennom kva vi skal gjere, seier Årdal.