NRK Meny
Normal

Ekspert meiner blå sløyfe-aksjon mot prostatakreft kan gjere meir skade enn nytte

Denne veka har mange folk tatt på seg ei blå sløyfe for å markere verdas prostatadag. Det tykkjer samfunnsmedisinar og allmenlege Hans Johan Breidablik er noko tull.

Hans Johan Breidablikk har studert korleis born og ungdom i Sogn og Fjordane har det.

KRITISK: Hans Johan Breidablik er kritisk til blåsløyfekasjonen.

Foto: Arve Stubhaug

– Eg trur at ei slik markering kan gjere meir skade enn nytte, seier Breidablikk. Han er tidlegare fagdirektør i Helse Førde, og har jobba mykje med prostatakreft.

På måndag er det den internasjonale prostatadagen, og i samband med det har kreftforeininga sett i gang ein aksjon for å setje fokus på sjukdomen. Prostatakreft er nemleg den mest vanlege kreftformen i Noreg.

Kreftforeininga håpar at aksjone skal føre til meir søkjelys på sjukdomen.

– Menn pratar for lite om prostetakreft. Den råkar mange, men er underkommunisert, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Meiner slike aksjonar er ein uting frå USA

Blå sløyfe

BLÅ SLØYFE: Denne veka markerer mange blåsløyfeaksjonen ved å ha på seg ei blå sløyfe for å setje fokus på prostatakreft.

Foto: NRK

Men medan kreftforeininga vil ha meir blest om prostatakreft, tykkjer ikkje Breidablik at det er naudsynt.

– Eg er redd for at ein slik aksjon skal føre til at for mange friske folk skal få ein diagnose som dei eigentleg ikkje treng.

Legen tykkjer det er for mykje fokus på sjukdom i dagens samfunn.

– I USA har nesten kvar einaste sjukdom sin eigen dag, og eg trur det er der vi har fått denne skikken frå. Ein fokuserer berre på sjukdom, og gløymer at folk flest er friske.

Breidablik peikar på at prostatakreft ikkje er farleg for dei fleste som får det. Det er berre to prosent av dei som får kreften, som dør av det.

Kreftforeininga står på sitt

Kreftforeininga fortel at også dei er oppteken av at friske folk ikkje skal få ein diagnose. Dei er likevel usamd i at blåsløyfeaksjonen ikkje har noko føre seg.

Anne Lise Ryel

HAR TRUA PÅ AKSJONEN: Anne Lise Ryel i kreftforeininga har trua på blåsløyfeaksjonen.

Foto: Camilla H. Wernersen / NRK

– Bodskapen vår med aksjonen er å setje fokus på prostatakreft, og kva for type symptom ein bør vere på utkikk etter, seier seksjonssjef Else Støring i kreftforeininga.

Ho understrekar at friske folk ikkje skal gå til legen, men at det er ein fordel å vite om symptoma.

Breidablik er likevel skeptisk.

– Om ein hadde undersøkt menn litt oppi åra, ville veldig mange av dei hatt prostatakreft, men dei fleste ville hatt ein ufarleg variant. Når fleire undersøkjer seg for prostatakreft, vil fleire få den diagnosen. Det er ikkje noko kjekk beskjed å få.