NRK Meny
Normal

– Me har ikkje mykje å gje i forhandlingane med staten

I dag leverte bøndene sitt krav til landbruksoppgjeret. Årets krav har ei ramme på 1,5 milliardar. Det er nesten ein halv milliard lågare enn i fjor.

Per Hilleren

IKKJE MYKJE Å GJE: Leiar for Bondelaget i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, meiner bøndene har lagt fram eit realistisk krav.

Foto: NRK

– Dette skal bidra til å fortsetje den positive inntektsutviklinga som me fekk i jordbruksoppgjeret i 2013, seier Per Hilleren, fylkesleiar i bondelaget.

Kravet vil gje ei gjennomsnittleg inntektsauke på 35 000 kroner per årsverk i landbruket.

– Har ikkje mykje å gje under forhandlingane

Den 6. mai skal staten gje sitt tilbod til bøndene. Hilleren karakteriserer kravet som nøkternt og realistisk, og håpar staten vil kome dei i møte.

– Me har ikkje mykje å gi under forhandlingane, seier han.

– Er dette ein måte å gi litt allereie før de går til forhandlingsbordet?

– Det er eit ansvarleg krav og eit nøkternt krav bondelaget har lagt fram. Me legg det fram for at det skal vere eit godt utgangspunkt for staten når dei skal forhandle med oss, seier Hilleren.

Men han legg ikkje skjul på at han meiner bøndene har lite å gå på.

– Me har lagt fram eit krav som me meiner er på det nivået det skal vere. Kva staten vel å gjere får me sjå når staten kjem med sitt tilbod om kort tid, seier han.

Meiner prisauken er akseptabel

Dersom kravet får gjennomslag vil det auke prisen på ein person sitt årlege forbruk på mat med rundt 73 kroner.

– Prisauken på mat vert ikkje dei store kronene for folk når du ser på

Per Hilleren

HEILE LANDET: Hilleren meiner regjeringa og Stortinget må ta i bruk heile landet for å auke matproduksjonen.

Foto: Johan Moen / NRK

totalsummen i løpet av eit år, seier Hilleren.

Han meiner auken er akseptabel fordi bøndene treng gjennomslag for kravet for å kunne halde jordbruket levande i heile landet.

– Det er viktig for norske forbrukarar og for norsk mat at me har ein god og trygg matproduksjon. Regjeringa og stortinget har jo sagt at dei vil auka den norske matproduksjonen. Skal dei klare det må dei ta alt areal i bruk og få produksjon over heile landet, seier han.

– Ikkje eit tilbod tilpassa dagens regjering

Hilleren seier kravet bøndene har lagt fram ikkje har noko med kven som sit i regjering å gjere.

– Nei, det har med at føresetnadane og inntektsmoglegheitene endrar seg frå år til år. Det er det som påverkar kravet vi leverer.

– Det er Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlaget som har utarbeida desse krava. Landbruksministeren ivrar etter større bruk og større produksjon: Lovar det dårleg for alle småbruka på Vestlandet?

– No får me forhandle og sjå kva som kjem fram i forhandlingane. Det som er sagt, og som Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget er einige om, er at me må ha ein berekraftig matproduksjon som er klimasmart.

For å klare det må regjeringa halde oppe bruk over heile landet, meiner Hilleren.

– For å vere klimasmart må me ta i bruk alt areal me har. Me har ein ulik bruksstruktur her i landet. Og skal vi greie å auke matproduksjonen slik regjeringa vil, så må me bruke alt areal, både der det er store og der det er små bruk.

Han vil ikkje spekulere i kva tilbod staten kjem med.

– Me har no levert eit krav, og så får me sjå kva tilbod staten kjem med før forhandlingane. Me har som målsetjing at me skal få til ein avtale som faktisk syner at det er vilje til å satse på norsk matproduksjon over heile landet på alle bruksstorleikar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast