Hopp til innhold

Meiner kraftkommunane må dele rikdomen

Bremanger og Flora er aktuelle kandidatar for samanslåing når det nye kommunekartet skal teiknast. Men ordføraren i Florø meiner det er uaktuelt med éin søkkrik og éin lutfattig del av ein ny storkommune.

Bengt Solheim Olsen

SKEPTISK: Ordførar i Flora, Bengt Solheim Olsen (H), liker ikkje tanken på å bli den fattige veslebroren ved ei eventuell samanslåing med den rike kraftkommunen Bremanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er framleis uklart korleis rike kraftkommunar som Bremanger og Vik skal handtere kraftinntektene sine i ei eventuell samanslåing med mindre rike kommunar.

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen er klar til å forhandle, men meiner kraftkommunane ikkje kan halde på inntektene for seg sjølve.

– Det ser eg på som lite realistisk, seier han.

Framleis i det blå

Flora-ordføraren ønskjer seg ein kystkommune. Bremanger har kyst og kraft: 60 millionar kroner årleg i kraftinntekter. Men Solheim-Olsen meiner det er lite aktuelt å gifte seg med Bremanger, om dei krev særeige på kraftinntektene.

Marta Finden Halset

VIKTIG SPØRSMÅL: Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap), meiner det er viktig å få avklart korleis kraftpengane skal fordelast etter kommunereforma.

Foto: Vik kommune

– Det hjelper ikkje å sette i gong ein kommunereform om éin del av ein framtidig kommune blir søkkande rik og den andre lut fattig, seier Solheim-Olsen.

I går fortalde NRK at rike kraftkommunar som Bremanger og Vik ikkje veit korleis dei skal handtere kraftinntektene ved ei mogleg kommunesamanslåing.

– Dette er eit svært viktig spørsmål å få avklart for kraftkommunane, seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap).

– Det er kraftkommunane som har betalt med sine naturressursar og det må koma kommunen til gode, seier ho.

Kan gå med på overgangsavtalar

Regjeringa meiner kommunane kan lage eigne avtalar rundt kraft. Det er Solheim-Olsen med på – i ein overgangsperiode.

– Sett bort frå overgangsavtalar, som kan vere mogleg å få på plass, så må det gå inn den totale potten som styrer velferdstilbodet i ein ny framtidig kommune, seier han.

Vidare påpeikar ordføraren at folketalet i Flora vil bidra til at ein ny storkommune kan få enda meir kraftpengar i kommunekassa.

– Bremanger produserer mykje meir kraft enn dei bruker, så ein større del av kraftproduksjonsinntektene vil jo bli i ein framtidig Flora/Bremanger-kommune, seier han.