Meiner konfliktar som dette kunne vore unngått

«Aukar motstanden», «eskalerer konfliktnivået», «må forkastast». Utbyggarane er ikkje nådige i si omtale av den nasjonale ramma for vindkraft på land.

Demonstrasjon mot vindkraft i Høyanger

FOLK I HØYANGER MOT VINDKRAFT: I forslaget til nasjonal ramme for vindkraft laga NVE eit kart over dei mest eigna områda for vindkraft. Utan dette kartet ville vi vore spart for mykje støy, seier utbyggarane.

Foto: Janne Kristin Bøyum / NRK

Denne veka gjekk høyringsfristen ut for innspel til nasjonal ramme for vindkraft på land.

Etter at NVE tidlegare i år laga eit kart over dei 13 mest eigna områda for vindkraft, har det vore demonstrasjonar og høgt konfliktnivå i ulike delar i landet.

Fleire av utbyggarane er særs kritiske til korleis heile prosessen har blitt gjennomført.

– Mot sin hensikt

– Målet med ramma var å dempe konfliktnivået. Men effekten har i praksis vore den motsette, seier Olav Rommetveit, dagleg leder i Zephyr.

I staden for å overlate initiativet til kommunane, grunneigarane og lokalsamfunnet, seier han at dei områda som NVE peika ut har vore ein motor for konflikt og danna eit inntrykk av at «store areal nærmast har vorte statleg regulert».

I sitt høyringsutsegn skriv Zephyr at dei 13 utvalde områda difor «må forkastast», og at det bør bli overlatt til bransjen å utvikle gode prosjekt – i samråd med lokalsamfunna. Også utanfor dei prioriterte områda som NVE identifiserer.

– Det er openbert at det er område utanfor desse som egner seg, seier Rommetveit.

Olav Rommetveit

UØNSKT EFFEKT: – Målet med den nasjonale ramma for vindkraft var å dempe konfliktnivået. Men effekten har i praksis vore det motsette, seier Olav Rommetveit, dagleg leder i Zephyr.

Foto: Zephyr

– Må leggjast til sides

Også vindkraftselskapet Freyr omtalar kartdelen som ein strategisk bommert.

– I etterpåklokskapens grelle lys kan ein sei at det å peike ut så store område har skapt masse frustrasjon og motstand, seier Torstein Dahle Sjøtveit, styreleiar i Freyr. Han meiner det «no er viktig at desse 13 blir lagt til side».

Han legg til at kartdelen berre er eigna til å «forlede» og at det ganske enkelt «ikkje er behov for den» ettersom forslaget til NVE inneber at alle konsesjonssaker – også utanfor dei 13 områda – ska handsamast på same måte som før. Han er usikker på kor godt dette forholdet mellom kart og terreng er kommunisert:

– Det er så mykje fake news som no vert brukt i diskusjonen.

Også Fred Olsen Renewables skriv i sitt høyringsutsegn at kartdelen «har vore konfliktskapande, og er såleis ikkje hensiktsmessig.» Det same gjer Norwea, vindkraftbransjens interesseorganisasjon: «Trass i at styresmaktene tydeleg har kommunisert at kartet ikkje utgjer ein utbyggingsplan har forslaget i seg dessverre bidrege til å auke motstanden», skriv dei.

Spelar ballen tilbake

Det er NVE som har hatt ansvar for å peike på dei mest eigna områda for vindkraft. Direktør for konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, spelar ballen tilbake til Olje- og energidepartementet, som gav oppdraget til NVE:

– Kartdelen var ein del av bestillinga vi fekk frå departementet. Det sentrale for oss har vore å utbetre kunnskapsgrunnlaget.

– Refrenget hos utbyggarane er at kartet representerer ein rigid tilnærming til eit komplisert spørsmål og at utan kartet ville nasjonen vore spart for mykje støy. Kva tenker du om det?

– Vi opplever at mange har sett på karta som ein utbyggingsplan. Det er det ikkje. I tråd med oppdraget frå OED er det område som har gode vindressursar, har tilgang til kraftnettet, og der det finst mogelege vindkraftlokalitetar som ikkje er i strid med viktige nasjonale miljøverdiar. Kva for ein rolle de 13 områda skal ha, skal ikkje eg meine noko om. Det må Olje- og energidepartementet vurdere på bakgrunn av høyringa.

Rune Flatby

BALLEN VIDARE: Direktør for konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, spelar ballen tilbake til Olje- og energidepartementet, som gav oppdraget om å lage eit kart til NVE.

Foto: Sarah Pierstorff/NRK

– For tidleg å si noko om

På spørsmål om departementet ser annleis på ønsket om kart i dag, svarer kommunikasjonsrådgivar Peder Qvale i Olje- og energidepartementet:

– Det blir for tidleg å si noko om nå. Vi skal nå gå gjennom alle innspela og bruke god tid på dei. Deretter skal vi avklare den vidare vindkraftpolitikken.