Hopp til innhold

Meiner kommunane sviktar lokal handel

Kommunane må ta større ansvar for å redde butikkar i Bygde-Norge. Det meiner handelsforeininga Merkur.

Helge Schei

SVIKTAR: Helge Schei og Merkur handlar her på ein lokal landhandel, og meiner kommunar snakkar høgt om at folk må handle lokalt, men sviktar i å gjere det same.

Foto: Merkur

Det bør ikkje vere ei dødssynd å kjøpe toalettpapir eller frukt til barnehagen i nærbutikken.

Helge Schei

Dei sviktar i veldig stor grad. Dei seier på den eine sida at det er viktig at vi forbrukarar handlar i nærbutikken. Men dei gløymer å gjere det sjølv. Dei trur dei skal tene nokre kroner på å ha sentraliserte innkjøp gjennom avtalar.

Det seier Helge Schei, dagleg leiar av Merkur, Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verktøy for å utvikle butikkar i utkantstrøk.

Kommunane må bruke den lokale handelen

Tal frå Posten syner at 23 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane vil ta det meste av julehandelen på nett i år. Det er mest i landet. 3 av 4 vil handle meir på nett i år. Mange i handelsstanden ser på dette som ei stor utfordring. På Eid har handelsstanden gått saman med lokalavisa for å promotere lokal handel.

Men Schei, som til dagleg jobbar for nærbutikkane, meiner eit anna stort problem for lokal handel kjem frå kommunane sine innkjøpsavtalar.

– Det er fleire som har eit ansvar. Kommunane har eit stort ansvar for å bruke den lokale delen av handelen sin, både når det gjeld nærbutikkar men også når det gjeld handelen i sentra, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helge Schei

BØKER: Er ein av tinga folk og kommunar kan handle lokalt, meiner Helge Schei og Merkur.

Foto: Merkur

Trur innsparinga er minimal

Schei og Merkur meiner kommunane må tenke annleis.

– Kommunane bør i sterkare grad kjenne ansvaret sitt. Eg vil oppfordre dei til å gjere det i større grad. Det bør ikkje vere ei dødssynd å kjøpe toalettpapir eller frukt til barnehagen i nærbutikken

– Men presset både for den private og offentlege forbrukar er jo at pengane forsvinn ut: Korleis skal ein kunne spare ved å handle på den lokale butikken som kan vere dyrare enn på nett eller gjennom sentrale innkjøp?

– At forbrukaren kan tene litt på det ser og forstår eg. Men eg trur innsparinga er marginal, veldig liten. Når det gjeld kommunane trur eg ikkje dei tener noko på det i det heile teke, seier Schei.

– Sparar pengar på innkjøpsavtalar

Jenny Følling

SPARAR: Kommunane sparar på innkjøpsavtalane, meiner Jenny Følling.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, ser kva Schei og Merkur meiner.

– Han har eit poeng i at kommunane er ein stor innkjøpar. Dersom dei handlar meir lokalt vil det styrke næringslivet i kommunen.

Likevel meiner ho kommunane sluttar seg sentrale innkjøpsavtalar for ein grunn.

– Resultatet viser at kommunane har spart millionar på å vere med på slike avtalar, frå 20 til 60 prosent av vegleiiande pris, seier Følling.

25 av 26 kommunar med på innkjøpssamarbeid

25 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane er med i samarbeidsordninga Sogn og Fjordane Felles Innkjøp. Solund gjekk nyleg inn i samarbeidet, og dermed er det berre Hornindal som ikkje er ikkje med.

Rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, seier kommunen ikkje har vurdert denne avtalen endå.

– Vi har ikkje prioritert det. Men vi har behov for ein gjennomgang av innkjøpsavtalane våre, og i budsjettet legg eg opp til det neste år. No handlar vi i stor grad frå lokale leverandørar, seier Langeland.

KS-leiaren seier kommunane som deltek i avtalen kan velje kor mykje dei vil handle lokalt.

– Kvar kommune må velje kor stor del dei vil kjøpe gjennom avtalen, og om dei vil handle meir lokalt. Det er eit lokalpolitisk spørsmål dei fleste har teke stilling til. Nokre har slutta seg til store deler av avtalen, andre er med på delar av avtalen, seier Følling.