– Tenesteytarar må slutte å krydre avslaga sine med å samstundes vise til påståtte konsekvensar for andre pasientar. Å skyve sårbare pasientgrupper framfor seg kan vere eit effektivt verkemiddel for å stogge kritikk og hindre klagesaker. Det er heilt uakseptabelt å leggje den type skuldkjensle på pasientar eller pårørande, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes.
Fleire klager kom inn
Pasientombodet i fylket jobba med 416 ulike problemstillingarr knytt til klagesaker i fjor, ein auke på 30 frå året før. 62 prosent av klagene omhandla kritikk mot spesialhelsetenesta i sjukehusa. Resten av klagene var retta mot den kommunale helsetenesta. Det har vore ein jamn auke i talet på klagesaker dei siste tre åra.
Møtt med dårleg oppførsel
Pasientombodet fekk inn 32 klager som omhandla ortopedisk kirurgi i fjor. Førde Refsnes skriv mellom anna følgjande: "Her fortel pasientar om operasjonar som ikkje har hatt eit vellukka resultat, og at dei har fått lite eller ingen informasjon om risiko ved inngrepet.
Ein del pasientar fortel at dei i tillegg har vorte møtt på ein lite omsorgsfull måte, med dårleg oppførsel frå tilsette. Ein pasient fortalde til dømes at ho fekk beskjed om at ho «ikkje har noko her å gjere». Det viste seg seinare at ho hadde uoppdaga skade".
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Overser alvorleg sjukdom
Den største gruppa klagesaker i den kommunale helse- og omsorgstenesta gjeld at legen ikkje har vurdert alvorleg sjukdom under konsultasjonen.
"I ettertid har det vist seg at pasienten hadde alvorleg sjukdom. Fleire fortel at dei har vorte sende heim frå legekontoret med beskjed om å vente og sjå, eller med smertestillande i slike situasjonar. Nokre pasientar fortel at dei har ringt legevakta og fått beskjed om å ta kontakt med legekontoret på dagtid. I ettertid har det vist seg at dei har hatt livstrugande sjukdom", skriv pasientombodet.