Hopp til innhold

Meiner kommunane bør ta i bruk private bustadar for å busetje fleire flykningar

FLORA (NRK): Kommunar bør ta i bruk private leilegheiter for å busetje fleire flyktningar. Det meiner integreringsdirektoratet og Husbanken.

Geir Barvik

VIKTIG: Direktør i IMDI og leiar i nasjonalt utval for busetjing av flyktningar, Geir Barvik, meiner bruk av private bustadar er eitt av tiltaka som kan fungere.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Mangel på bustadar er ein av hovudårsakene til at kommunane ikkje buset nok, sjølv om 5.000 flyktningar sit og ventar på asylmottak.

Men i Flora kommune vil dei no ta imot fleire enn det dei eigentleg skulle ha.

– Så langt har vi sagt at vi er positive til det for å bidra til å løyse dei utfordringane som Norge står ovanfor, seier rådmann i Flora, Terje Heggheim.

Kommunen står for leigeforholdet

For utfordringane Norge har med å plassere flyktningar ut i kommunane er enorme. Bustadmangel er ein av hovudårsakene til dette, ifølgje kommunane.

Men i Flora er ikkje dette eit problem. Dei leiger også mykje privat.

Terje Heggheim hjå NRK

IKKJE PROBLEM: Rådmann i Flora, Terje Heggheim, seier Flora kommune leiger mange private bustadar.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Vi har gått inn som kommune og sagt at det er kommunen som leiger, betalar og ryddar opp eller fiksar opp, dersom det er behov for det. Den som er utleigar skal vere trygg på at kommunen står for leigeforholdet, seier Heggheim.

Nær 6.000 flyktningar sit på mottak

Sjølv om flyktningane har fått opphaldsløyve, vil så mange som 5.900 flyktningar sitje på asylmottak i Norge og vente på bustad ved utgangen av året.

Det syner tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet IMDI.

Bård Øistensen, administrerande direktør i Husbanken, meiner fleire bør gjere som Flora.

– Vi intensiverer arbeidet med kommunane, særleg med sikte på å få dei til å i større grad bruke den private leigemarknaden til å busetje flyktningar. I tillegg gjer vi det vi kan for å betre tilskotsordningane våre, særleg når det gjeld bustadtilskot og bustadstønad, seier Øistensen.

Har stort potensial

Geir Barvik, direktør i IMDI og leiar i nasjonalt utval for busetjing av flyktningar, meiner leige av private bustadar er eitt av tiltaka som kan fungere.

Geir Barvik

VIKTIG: Direktør i IMDI og leiar i nasjonalt utval for busetjing av flyktningar, Geir Barvik, meiner bruk av private bustadar er eitt av tiltaka som kan fungere.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg trur det er veldig viktig at kommunane tenkjer at det å busetje flyktningar og finne ei bustadløysing ikkje berre handlar om kommunale utleigebustadar. Dei må tenkje at privateigde bustadar også kan vere godt eigna, seier Barvik.

Han legg til at her er det eit potensial.

– Gode kommunar gjer dette allereie, seier Barvik.