NRK Meny
Normal

Meiner Karadas truga han på livet

Morgan Andersen meiner eidaren Jack Karadas gav han beskjed om å "sove med pistol under puta resten av livet".

Morgan Andersen og John Obi Mikel
Foto: Scanpix

- Eg fekk beskjed om at eg måtte sove med pistol under puta mi resten av livet, fortalte Andersen i retten i dag - på spørsmål frå advokat Cato Schøitz i retten.

- Kven var det som sa det?

- Det var Jack Karadas, svarte Andersen i følgje VG.

Situasjonen tilspissa seg mellom Karadas, som på den tida arbeidde for Rune Hauge, og Andersen då agentane forsto at Lyn prøvde å sikre seg salsrettane til fire nigerianske fotballspelarar. Blant dei var John Obi Mikel som i dag spelar i Chelsea.

Gav dei gullkort

Tidlegare i dag fortalde Andersen også sin versjon av korleis Karadas tok seg av dei unge fotballtalenta.

- Jack Karadas gav dei fire Barclay Visa gullkort. Dei fekk beskjed om at dei kunne ta ut pengar i kva minibank som helst, refererer VG frå Morgan Andersen si forklaring i rettssaka mot han i Oslo Tingrett.

Tidlegare sportssjef i fotballklubben Lyn, Morgan Andersen, er tiltala for dokumentforfalsking i samband med kontrakten til den nigerianske fotballspelaren Jon Obi Mikel.

Uro på treningsleir

John Obi Mikel var saman med landsmennene Ezekiel Bala, Emmanuel Sarki, Chinedu Ogbuke og resten av Lyn-laget på treningsleir i Spania i 2005. I retten forklarte Andersen at dei tre andre nigerianarane var svært misnøgde, og at han og Jack Karadas måtte ordne opp. Grunnen var at dei, i motsetning til Mikel, ikkje hadde kontraktar med Lyn som sikra dei løn.

Dei sa dei var lovde pengar av agentane sine og at dei ikkje hadde fått noko på 18 månader.

Jack Karadas starta som fotballagent for fetteren Azar Karadas, og har dei siste åra arbeidd for Rune Hauge. Hauge var igjen leigd inn av agentane som hevdar å eige kontraktane til dei fire nigerianske spelarane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå