Hopp til innhold

Meiner Janne hadde flaks som overlevde

Janne Holen har hatt utruleg flaks som overlevde kring 15 minuttar under vatn. – Ho har vore heldig, seier den erfarne anestesi- og luftambulanselegen Rune Larsen.

Janne Holen

PÅ BETRING: Mange heldige faktorar spelte på lag når Janne Holen overlevde lenger enn dei fleste under vatn i Sognefjorden, seier lege Rune Larsen. Her er 18-åringen i sjukesenga på Førde sentralsjukehus.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Den 18-år gamle jenta frå Vik vart fanga under vatn då bilen ho sat køyrde i fjorden på Hella ferjekai fredag ettermiddag.

Medan dei to andre i bilen kom seg ut på eiga hand, blei Holen liggjande igjen fleire meter under vatn før nokon berga ho opp.

LES OGSÅ:

To punkt avgjorde

Rune Larsen

ROSAR FØRSTEHJELPA: Rune Larsen har som anestesilege både på sjukehus og luftambulanse sett mykje. Han meiner Janne Holen har hatt flaks.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Ho har for det første vore heldig fordi det var ein som gjekk til det skritt å gå i iskald, mørk sjø for å hente henne opp. Det er punkt éin. Punkt to er at ho har vore heldig som må ha hatt ein del surstoffreservar i kroppen som gjorde at ho har komme ut av det så bra som ho har gjort, seier Rune Larsen i Helse Førde.

Han jobbar som anestesioverlege på Førde sentralsjukehus og har i ei årrekkje også jobba som lege på Luftambulansen.

10 minutt er som regel maks

Kor lenge ein kan overleve under vatn varierer og avheng av mange faktorar. Men normalt er fem til 10 minutt maks, fortel legen.

– I utgangspunktet seier vi at hjernen klarer fire-fem minutt utan oksygentilførsle før det byrjar å bli skader. Men viss ein har tatt eit stort gisp før ein kjem i vatnet, og refleksen i halsen fungerer, så kan det godt vere at det ikkje kjem vatn i lungene med ein gong. Då kan det tenkast at ein har fire-fem minutt til med oksygen. Altså opp mot 10 minutt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ved kaien

KØYRDE I FJORDEN: Bilen Janne Holen og to unge menn sat i køyrde i fjorden på Hella ferjekai i Leikanger førre fredag.

Foto: Christian Blom / NRK

– Hald fram med gjenoppliving

Larsen peikar på at i eit tilfelle som Hella der det skjedde i ein bil, kan det tenkast at det finst luftlommer.

– Det viktigaste er at viss ein får opp ei person frå ein slik situasjon, så må ein halde fram med gjenoppliving ganske lenge inntil det kjem kvalifisert personell på staden.

I slike situasjonar tel kvart einaste minutt, og ifølgje Larsen er det fleire ting som påverkar utfallet

– Det kan gjerne gå gale lenge før 10 minutt. Men det har vore fleire rapportar om at ein har klart seg i 10 minutt. Dette med kulde spelar også inn. Kor tidleg lungene blir fylte med vatn i høve til når hjernen blir kald. Det er klart, har ein andre skader i tillegg, er ein til dømes medvitslaus etter ein smell i samband med utforkøyringa, så vil det heilt klart forverre situasjonen.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-REPORTASJE: Slik vart Janne Holen berga.

Førstehjelpa berga henne

Det er derimot ein ting Larsen er sikker på. Ifølgje han vil den livreddande innsatsen som blir gjort etter at nokon blir henta opp av vatnet vere avgjerande for konsekvensane.

– Viss ingen hadde gjort noko på staden, og ambulansen kjem etter 15–20 minutt, så er toget gått viss ingen har gjort hjarte-lungeredning. Det er dei som kjøper tid til at det profesjonelle apparatet kan komme fram, seier anestesilegen i Helse Førde.