Hopp til innhold

Han meiner fleire høgskular ikkje held mål

Direktør Terje Mørland i Nasjonalt organ for kvalitet i skulen, meiner at seks lærarutdanningar i Norge ikkje held mål om kravet om femårig utdanning skal gjennomførast frå 2017.

Mørland

KRITISK: Terje Mørland i NOKUT meiner at seks av høgskulane i landet ikkje held mål slik det er no, dersom lærarutdanninga skal gjerast femårig.

Foto: arkiv / NRK

Frå 2017 har regjeringa bestemt seg for å utvide dagens lærarutdanning til eit femårig masterstudium. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier at at slik omlegging vil få konsekvensar for fleire høgskular i Norge.

– Det er ikkje gjeve at alle utdanningsstadane klarer dette her sjølve slik dei er organiserte i dag, seier statsråden.

– Det er langt fram

Direktør Terje Mørland i Nasjonalt organ for kvalitet i skulen, nemner i dag seks utdanningsinstitusjonar som er lengst unna krava til ei masterutdanning for lærarar. Dei tilfredsstiller dermed ikkje regjeringa sine nye krav.

– Det er langt fram for einskildinstitusjonar ja. Dei institusjonane som syner seg å liggje lengst unna krava til masterutdanning er høgskulane i Nesna, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Telemark, Stord/Haugesund og i tillegg Rudolf Steiner-høgskulen, sler Mørland fast.

– Skal klare krava

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, meiner derimot at dei skal klare å tilfredsstille dei nye krava innan 2017, og dermed sikre ei vidare lærarutdanning i Sogndal.

– Vi har alt masterutdanning på lærarutdanninga, men det er rett at dersom vi skal innfri kravet til kompetanse for kvart av skulefaga, så vil vi ikkje kunne tilby lektorutdanninga i alle fag. Men dei fire mest sentrale skulefaga tek vi sikte på å klare med god margin innan 2017, seier Løkeland.