NRK Meny
Normal

Meiner Høgre ikkje er til å stole på

Ap politikarar slår tilbake mot utspelet frå Høgre om at vegprosjekta på Vestlandet vil lide under ei raudgrøn regjering som er avhengige av støtte frå MDG.

Roy Egil Stadheim

IRRITERT: Leiar i Vik Arbeiderparti, Roy Egil Stadheim, meiner Høgre prøvar å lurer veljarane og seier dei bør stå for sine eigne lovnader om dei vil at folk skal stole på dei.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Val

– Eg blir oppgitt over Høgre når dei går ut og åtvarar mot ei regjering som må ha støtte frå MDG fordi dei meiner at vegprosjekta på Vestlandet i så tilfelle vil strande.

Det seier leiar i Vik Arbeiderparti, Roy Egil Stadheim. Han har teke kontakt med NRK fordi Høgre-politikar Nikolai Astrup i går sa at han trur Vestlandet vert den store taparen på samferdsle, om det vert regjeringsskifte.

Nikolai Astrup

MEIR PENGAR: Leiar i transportkomiteen på Stortinget, Nikolai Astrup (H), er godt nøgd med pengane dei har sett av til samferdsle på Vestlandet.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg trur det kan få veldig store konsekvensar med eit nytt fleirtal etter valet. Vi veit at Ap og Sp vil vera avhengig av MDG og SV for å få fleirtal for budsjetta sine og dei fører ein heilt annan vegpolitikk enn oss, sa Nikolai Astrup (H) som er leiar i transportkomiteen på Stortinget.

Ikkje til å stole på

Dette er ein påstand Stadheim meiner bør få motbør.

– Spørsmålet er heller kven vi kan stole på. Ved førre NTP-møte, (Nasjonal transportplan), sa både Høgre og FrP at Vikafjellsvegen skulle framskundast og arbeidet skulle starte i 2013. Når dei så kjem til makta er vegen heilt ute av NTP. Dei er rett og slett ikkje til å stole på, torar Stadheim.

Støttar Astrup

Stadheim meiner Høgre prøvar å lure folk og at dei må stå for det dei har sagt sjølve om dei vil at folk skal lite på dei.

Bjørn Lødemel på vegkonferanse i Geiranger

KRITISK: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, trur at det kan bli ein dramatisk reduksjon i vegbygging om MDG kjem på vippen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det var ikkje mogleg å få til. Mellom anna grunna kostnadsauke. Men med MDG på vippen er det stor fare for at dette prosjektet strandar, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Som held på at Høgre ønskjer å jobbe med å få framskunda Vikafjellet.

– Vi har ikkje gitt opp Vikafjellsvegen, seier Lødemel

Som ikkje er i nærleiken av å dementere det kollega Astrup har sagt.

– Det er ein reell fare for at vi kan få ein dramatisk reduksjon av vegbygging på Vestlandet dersom MDG og SV kjem på vippen. MDG har sagt at dei vil redusere vegbygginga med tre fjerdedelar. Malkenes har ikkje dementert det. Heller tvert imot, seier Lødemel.

Meiner Høgre svartmålar Arbeidarpartiet

Magne Rommetveit (Ap)

TRIKS: Førstekandidat for Ap i Hordaland, Magne Rommetveit, meiner Nikolai Astrup i Høgre brukar skitne triks og at han lyg om Ap sin politikk.

Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Førstekandidat for Ap i Hordaland, Magne Rommetveit, støttar partikollega Stadheim og trur Høgre prøvar å få fokus vekk frå den manglande satsinga regjeringa har hatt på Vestlandet.

– Eg vil minne om at transportplanen som gjeld no er den Stortinget vedtok i 2013, som Ap, Sp og SV stod bak. Det er vår plan dei har administrert etter, og difor meiner eg Astrup preiker tull, seier Rommetveit.

– Høgre og Astrup burde halde seg for god til å svartmåle Arbeidarpartiet. Dei burde heller forklart folk på Vestlandet kvifor dei satsar så lite her, seier Rommetveit.

Vegopning på Bergum i Førde kommune