Hopp til innhold

Ber Helse Førde om å ta strukturgrep

NORDFJORDEID (NRK): Alfred Bjørlo meiner Nordfjord har tatt nedskjeringar som Helse Førde kan gjennomføre andre stadar.

Bjørlo

FRYKTAR OSTEHØVELKUTT: Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Helse Førde styrer mot eit underskot på nær 20 millionar kroner. Det er vel 40 millionar dårlegare enn budsjettert.

Alvoret var tydeleg under styremøte tysdag. Urovekkande er det også at tidlegare vedtekne innsparingstiltak så langt ikkje har den effekten Helse Førde har håpa på.

Med milliardinvesteringar på trappene kan situasjonen bli svært vanskeleg. Det er på medisinsk og kirurgisk klinikk helseføretaket slit mest.

Under styremøtet tysdag kom det også fram at bemanninga har auka på avdelingane, trass i at talet på liggedøger går ned.

Agnes Landstad

STOR JOBB: Samstundes som Helse Førde skal investere for milliardsummar går føretaket med underskot. Styreleiar Agnes Landstad må saman med styret finne ei løysing.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Meiner Helse Førde må ta strukturgrep

Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) ber no Helse Førde styret om å ta strukturgrep. Uvande tonar frå ein ordførar i Nordfjord.

– Ein har gjort nokre tøffe strukturelle grep her ved Nordfjord sjukehus, eg trur ein må sjå på kva strukturgrep som kan gjerast elles i helseføretaket også. Det absolutt dårlegaste er å halde fram med ostehøvelkutt, seier ordføraren.

Bjørlo meiner det er grunn til å gjere liknande grep som i Nordfjord:

– Det handlar mellom anna om å få til meir samhandling på tvers av avdelingar ved kvart sjukehus, slik som her på Nordfjordeid. Det er ikkje nødvendigvis populært internt, men vi har gjort det og vist at det er mogleg å få til. Ein må vere viljug til å ta slike debattar, også andre stadar enn i Nordfjord.

Held korta tett til brystet

Styret i Helse Førde vedtok i dag å overlate til administrasjonen å finne innsparingar ut året. Men styret skal jobbe langsiktig med å finne løysingar på pengeknipa for 2018.

– No arbeidast det langs to aksar, vi vil ikkje øydelegge moglegheita for å gjere langsiktige og større grep i 2018. Vi må fornye oss for å halde god kvalitet, seier styreleiar Agnes Landstad.

Alfred Bjørlo

TIL STADES: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (t.v.), var tilhøyrar under delar av styremøtet i Helse Førde tysdag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Landstad vil ikkje svare på om Bjørlo får rett:

– Vi må sjå kva som er viktig for tenestene til befolkninga, slik at tenestene blir av god kvalitet til heile fylket vårt, seier ho.

Er uroleg for ostehøvelkutt

Nordfjord sjukehus vert halde fram som ein nasjonal modell for framtidas lokalsjukehus. Innført under Ap sin helseminister, og hylla av dagens helseminister Bent Høie (H).

– Eg er uroa for ostehøvelkutt som truar denne modellen, seier Bjørlo som meiner finansieringssystemet ikkje tener Helse Førde.

– Det er uansett ein felles jobb for fylket å få ei meir korrekt finansiering av sjukehusa, der det lønar seg å gå over frå døgnbehandling til dagbehandling, seier han.