Hopp til innhold

Meiner han ikkje har skuld i oppdrettsuhell

BERGEN (NRK): Fiskeridirektoratet meiner fiskerømminga ved Firda Sjøfarmer sitt anlegg i Gulen skuldast uansvarleg drift.

Ola Braanaas

NEKTAR: Ola Braanaas nektar å betale bota på to millionar kroner etter at 123.000 oppdrettsaurar rømde frå eit av anlegga hans i mars 2012.

Foto: NRK

Frontane var steile i Nordhordland tingrett under behandlinga av den omfattande fiskerømminga frå Firda Sjøfarmer sitt anlegg i 2012. Det sentrale i saka er om Firda Sjøfarmer festa nøtene på ein forsvarleg måte.

Alt i 2009 åtvara Fiskeridirektoratet og kommisjonen som jobba mot fiskerømming om at det ville føre til fleire rømmingar dersom ein festa nøtene med kjetting.

Likevel heldt Firda Sjøfarmer og ei rekkje andre selskap fram med å feste nøtene på denne måten.

– Kvifor la ikkje Fiskeridirektoratet ned eit forbod mot å feste nøtene med kjetting dersom de meinte det var så risikofullt, ville Firda Sjøfarmer sin advokat, Svein Aage Valen, vite.

Rådgjevar i Fiskeridirektoratet, Kjetil Hommedal Thune, viste til at direktoratet ønska strengare reglar, men at det var uråd å få det til.

Kjetil Hommedal Thune

Fiskerømminga i Gulen i 2012 er ei alvorleg sak, sa Rådgjevar i Fiskeridirektoratet, Kjetil Hommedal Thune.

Foto: Bård Siem / NRK

Fatal rømming

Det var i mars 2012 det fatale skjedde ved Firda Sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen. I sterk vind og mykje straum kom den eine nota borti kjettingen slik at nota rivna. Resultatet vart at 123.000 oppdrettsaurar rømde.

Eigaren av selskapet, Ola Braanaas, har nekta å betale bota.

Hommedal Thune karakteriserte saka som alvorleg, ikkje minst ut frå den store mengda fisk som rømde.

– Oppdrettsanlegg skal vere rigga for å tole ein 50-årsstorm. Det burde vore teke med i selskapet si risikovurdering at anlegget ligg utsett til for vind og straum, sa han mellom anna i retten.

Taus Braanaas

Motparten viste til at internkontrollsystemet fungerte som det skulle og selskapet sin måte å feste nøtene på ikkje var i strid med lovverket.

Ein alvorleg og taus Ola Braanaas følgde rettssaka saman med advokaten sin.

Braanaas fortalde at han vil vente med å uttale seg til media til det kjem dom i saka. Saka blir avslutta i Nordhordland tingrett onsdag.