NRK Meny
Normal

Ber matbransjen sjå til utlandet

Kokken Steinar Lindstrøm meiner dei som lagar mat i fylket må hente erfaring utanfor landegrensene.

Steinar Lindstrøm

HENT LÆRDOM UTANFRÅ: Det er den klare oppfordringa til kokk Steinar Lindstrøm.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Man kan ikkje suge frå eige bryst, man må ut for å få lærdom.

Det seier Steinar Lindstrøm. Han er sjølv kokk i Sogn og Fjordane, og meiner at dei som lever av å lage mat til andre har mykje å lære.

– Krava ifrå publikum veks. Folk reiser mykje meir, og blir stadig vand med høgare kvalitet.

Førdefestivalen tek grep

Bakgrunnen for utsegnene er at Førdefestivalen har tatt grep for å sikre betre mat under årets festival. I fjor fekk dei dårlege tilbakemeldingar på maten, og har no bestemt seg for å gjere noko med saka.

– Målet var å lage raske, gode festivalmenyar med gode, lokale råvarer og eit snev av verda, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum.

Ho har, saman med kokk Hanne Frostad, starta eit prosjekt med fleire av serveringsstadene i Førde, på grunn av tilbakemeldingar frå publikum.

– I brukarundersøkinga vår var det mange som peika på at det var eit potensial når det gjaldt god og rask festivalmat, når ein skulle springe mellom arrangementa.

Næringssjefen: – Gje tilbakemeldingar!

Fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, er samd med Lindstrøm.

– Eg er einig i at vi må reise ut. Dei dyktigaste vi har reiser ut for å skaffe seg kunnskap. Du ser ikkje deg sjølv før du har vore ute, seier Heggheim.

Jan Heggheim

BER FOLK KLAGE MEIR: Næringssjefen Jan Heggheim meiner matbransjen må få fleire tilbakemeldingar.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Heggheim legg til at han meiner kundane må bli flinkare til å gje tilbakemelding til dei som lagar maten. Sjølv om dei kanskje tykkjer det er ubehageleg

– Eg trur vi får det vi fortener. Litt av problemet er at vi som kundar er litt for lite kritiske. Vi tykkjer det er ubehageleg å seie ifrå. Å klage viser at du faktisk bryr deg om maten, og det trur eg er ganske viktig, seier Heggheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.