Hopp til innhold

Ingen søkte innovasjonspris på ein halv million

Då regjeringa etterlyste søkjarar blant kommunane til ein innovasjonspris, var det ingen frå Sogn og Fjordane som søkte. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner vi er for lite flinke til å vise oss sjølv fram.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

MED HUA I HANDA: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner folk i Sogn og Fjordane må bli flinkare til å hevde seg sjølve.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Saman med Finnmark er Sogn og Fjordane det einaste fylket i landet der ingen kommunar søkte om Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin innovasjonspris.

Regjeringa etterlyste kandidatar tidlegare i år, der vinnaren kan få ein halv million, i tillegg til heider og ære. 40 kandidatar frå 17 andre fylker meldte seg.

– Det er veldig gledeleg å sjå at kommunane verkeleg tenkjer nytt. Målet er å motivere til ytterlegare nytenking i kommunesektoren. Skal vi løyse framtidas velferdsoppgåver må vi jobbe smartare enn i dag. Innovasjonsprisen er eit bidrag til dette, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner om dei 40 kommunane som har søkt.

Må vere meir frampå

Men ingen av desse kommunane kjem frå Sogn og Fjordane. Det synest fylkesordførar Åshild Kjelsnes er synd. Ho meiner kommunane må tore å vere meir frampå.

– I utgangspunktet så er det litt leitt, for eg er heilt sikker på at det er fleire kommunar, også i vårt fylke, som godt kunne vere kvalifisert til den prisen, seier ho.

– Vi er vel ikkje dei som er mest frampå til å tenkje slik kanskje, men det var ein veldig stor premie, så ein bør berre vere frampå. Og eg veit at det er kommunar som er flinke til å tenkje nye og gode løysingar, ikkje minst for innbyggjarane sine, også i vårt fylke.

– Typisk oss

Sjølv om ho peikar på at det er første året prisen vert delt ut, og at det kan vere at kommunane i fylket ikkje har fått det med seg, trur ho likevel det kan vere andre årsaker til at ingen har søkt.

– Eg meiner det er mykje godt arbeid som føregår i det stille. Det som er litt typisk for oss er at vi kan lage gode løysingar, men så tenkjer vi ikkje over at det er noko som kanskje er unikt for oss. Vi trur gjerne at det er slikt som alle gjer, og så viser det seg gong på gong at dette var noko smart som vi har funne på. Det ser eg også frå Fylkeskommunen.