Hopp til innhold

Meiner fylket bør heite «Bjørgvin»

Det nye fylket på Vestlandet bør heite «Bjørgvin», meiner stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Liv Signe Navarsete

NAMN: Det nye fylket som vil bestå av dagens Hordaland og Sogn og Fjordane bør heite "Bjørgvin", meiner stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dermed er Navarsete på kollisjonskurs med fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane som har gått for «Vestlandet».

Det var i samband med at stortingsbenken frå Sogn og Fjordane møtte representantar frå fylket i Førde i dag at Navarsete fortalde NRK at ho går for «Bjørgvin». Ho grunngjev standpunktet sitt med dei sterke protestane mot å bruke «Vestlandet» frå Rogaland og Møre og Romsdal.

Det var i slutten av oktober at fylkespolitikarane Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk inn for «Vestlandet» som namn på det nye fylket.

Sterk kritikk frå nord og sør

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Møre og Romsdal har karakterisert det som eit «frekt namneran» å kalle det nye fylket for «Vestlandet». Også fylkesordføraren i Møre og Romsdal har slakta namnevalet.

I tillegg har næringsforeiningane i Stavanger- og Haugesund-regionen, Bergen og Stord kome med ei felles fråsegn der dei går imot å la det nye storfylket kalle seg for «Vestlandet».

Forstår kritikken

Navarsete kan forstå at det blir reagert.

– Det er dumt for Vestlandet totalt sett å snevre det inn til å gjelde berre Sogn og Fjordane og Hordaland. Bjørgvin, som bispedømet heiter, er fint. Dette er eit namn som ikkje vil vekkje så mykje harme sør og nord for oss, seier Navarsete.

Bryr seg ikkje om protestar

Ingrid Heggø (Ap) meiner «Vestlandet» er det beste namnet.

– Når fylkestinga i både Hordaland og Sogn og Fjordane har stilt seg bak namnet «Vestlandet», så kjem eg til å røyste for dette i Stortinget.

Så du bryr deg ikkje om dei sterke protestane frå Rogaland og Møre og Romsdal?

– Den nye høgskulen på Vestlandet går frå Haugesund til Førde og du har Helse Vest som heller ikkje omfattar Møre og Romsdal. Slik sett burde det ikkje vere grunn til å protestere, seier ho.

Stortingsbenken

USAMDE: F.v. Liv Signe Navarsete (Sp) får ikkje med seg Ingrid Heggø (Ap), Frida Melvær (H) og Tore Storehaug (KrF) på at Bjørgvin bør vere namnet på det nye storfylket.

Foto: Bård Siem / NRK

Frida Melvær (H) går i utgangspunktet inn for «Vestlandet», men meiner samtidig at ein må ta protestane frå Møre og Romsdal og Rogaland på alvor.

– Kanskje vil namnet «Vestland», der ein tek vekk endinga av ordet, vere akseptabelt for fylka sør og nord for oss, seier ho.

Vil ikkje overprøve

Tore Storehaug (KrF) vil ha «Vestlandet».

– No har vi ein regionreform der målet er at fylka skal bestemme meir sjølve. Samtidig er det mange som ropar på at Stortinget må overprøve namnevalet. Det blir feil. Det vil sitje langt inne for meg å gå mot den lokale tilrådinga, seier han.

Her kan då sjå alt om storfylket på Vestlandet.

Ei felles sending for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal