NRK Meny
Normal

Meiner fylkesordføraren blir brukt i eit politisk spel

Senterpartiet forventar at fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) svarar for seg om Fjord1-middag. Arbeidarpartiet fryktar det heile er eit spel for å få selt fylkeskommunen ut av selskapet.

Hilmar Høl fryktar politisk spel om Fjord1

SPEL: Hilmar Høl meiner dei andre partia brukar uroa rundt fylkespolitikar Åshild Kjelsnes i eit politisk spel om Fjord1 for å få fylkeskommunen til å selje ut av selskapet.

Foto: Montasje / NRK

Jenny Følling (Sp) forventar at fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) forklarar seg om middagen ho hadde med to av toppleiarane i Fjord1 på Grand Café i Oslo 4. mars i år.

– Både om kven som tok initiativ til eit slikt uformelt møte. Og kva formålet var, seier Følling.

Må stå skulerett

Blant fleire av fylkespolitikarane har frustrasjonen vore stor over at Fjord1 vurderte fusjon, medan inkjeanade fylkespolitikarar vurderte å selje seg ut selskapet.

Det sentrale temaet har vore kva Kjelsnes eigentleg fekk vite under det uformelle møtet med toppleiinga. Kjelsnes har heile tida stått på at ho ikkje visste meir enn dei andre politikarane

Kontrollutvalet har alt varsla ei høyring i saka. Frank Willy Djuvik (Frp) har kome med krass kritikk og meiner informasjon har blitt halde tilbake. Og no krev altså Følling at Kjelsnes står skulerett på neste fylkesutvalsmøte.

Meiner det er eit politisk spel

Alt dette får Arbeidarpartiet sin fylkesleiar Hilmar Høl til å steile. Han meiner dei andre partia gjer det dei kan for å få selt Fjord1 nærmast uansett.

– Det er nokon som prøver seg heile tida, for å dra selskapet i andre retningar enn det Arbeidarpartiet vil. Vi vil framleis at fylkeskommunen skal vere ein stor eigar, seier Høl.

Jenny Følling meiner det blir feil å skulde dei andre partia for å tvinge fram eit sal.

– Det kontrollutvalet gjer er deira sak. Det er dei som vurderer om dei har fått fram alle opplysningar i den rapporten dei har, eller om dei treng å vite meir. Den saka legg eg meg ikkje opp i, seier ho

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå