Hopp til innhold

Dødssjuk kvinne og familien ynskte livsforlengande behandling - fekk nei

Den dødssjuke kvinna og familien ynskte livsforlengjande behandling, men etisk råd i Helse Førde sa nei. Mellom anna etter at dei fekk råd frå fylkeslege Per Stensland.

Lisa Førde Refsnes

KRITISK: Pasientombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, meiner at fylkeslege Per Stensland og resten av Fylkesmannen sine tilsette burde meldt seg sjølv ugilde i saka der ei kvinne vart nekta livsforlengjande behandling.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter at kvinna døydde, klaga familien hennar saka inn til Statens helsetilsyn lokalt, der fylkeslege Stensland sine kollegaer behandla klagen. Dei fann ikkje noko kritikkverdig ved at fylkeslegen hadde gjeve generelle råd til Helse Førde då avgjerda om å nekte livsforlengjande behandling vart teke.

– Det er jo slik at fylkeslegen før pasienten døydde var inne i bildet og blei spurt om råd av Helse Førde. Difor meiner vi at fylkeslegen si avdeling og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ikkje skal vere dei som i ettertid vurderer klagesaka når pasienten døyr, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes til NRK.

Det er klart at det er ein veldig spesiell situasjon når ein ønskjer livsforlengjande behandling og helsevesenet nektar, med den konsekvensen at pasienten døyr

Lisa Førde Refsnes

Det er ei unik sak som no går mellom Fylkesmannen og pasientombodet. Den svært sjuke kvinna og familien hennar ynskt å få livsforlengjande behandling. Men Helse Førde sitt etiske råd sa nei, etter at dei hadde rådført seg med fylkeslege Per Stensland.

– Stor belastning for pårørande

– Vi meiner det burde blitt oppretta ein setjefylkesmann som skulle behandla det spørsmålet. Eg tenkjer at det er ekstremt viktig for eit tilsynsorgan å byggje tillit. Skal ein byggje tillit så er jo dette med å unngå spørsmål om det kan ha vore ei samanblanding av roller svært viktig, meiner pasientombodet.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

STRID OM UGILDSKAP: Pasientombodet meiner at fylkeslege Per Stensland vart ugild etter at han gav generelle råd til Helse Førde i ei vanskeleg sak.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Lisa Førde Refsnes meiner det var uhøyrt at fylkesmannen i Sogn og Fjordane skulle behandle klagesaka, etter at fylkeslegen på førehand hadde gjeve råd til legane i Helse Førde. For dei pårørande har saka vore ein stor belastning.

– Det er klart at det er ein veldig spesiell situasjon når ein ønskjer livsforlengjande behandling og helsevesenet nektar, med den konsekvensen at pasienten døyr. Det er klart at dette er ei stor påkjenning for familien i ettertid.

Heilt usamd med ombodet

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid er heilt usamd med pasientombodet. Han meiner at dei hadde alt på det tørre då dei behandla klagesaka frå dei pårørande til den døde kvinna.

Den typen generell rettleiing han kom med i denne saka, er ein naturleg del av jobben til fylkeslegen

Ass.fylkesmann Gunnar O. Hæreid

– Fylkeslegen har kome med generell rettleiing på telefon til Helse Førde, og vi kan ikkje sjå at det kan gjere han ugild i denne saka. For det andre så har han ikkje teke del i behandlinga av sjølve tilsynssaka. Då er det i alle fall vanskeleg å sjå at det skal vere gjort noko feil i sakshandsaminga frå Fylkesmannen si side, seier Hæreid til NRK.

Stensland ønskjer ikkje sjølv å kommentere denne saka.

– Fylkeslegen sitt ansvar

Hæreid meiner at det var heilt rett av fylkeslege Per Stensland å gje råd til legane på sentralsjukehuset, då dei måtte vurdere om den dødssjuke kvinna skulle få livsforlengjande behandling. Det gjorde ikkje kollegaene hos Fylkesmannen ugilde til å behandle klagesaka, meiner Hæreid.

Gunnar O. Hæreid

USAMD MED OMBOD: Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid.

Foto: Privat

– Fylkeslegen har eit ansvar for å kome med generell rettleiing til alle helseinstitusjonar, uavhengig om det er eit lite eller eit stort fylke. Så den typen generell rettleiing han kom med i denne saka, er ein naturleg del av jobben til fylkeslegen.

Lang sakshandsamingstid

Pasientombodet meiner på si side at Fylkesmannen burde ha bede fylkeslegen i Hordaland om å overta då dei pårørande klaga etter dødsfallet, såkalla settefylkesmann.

Noko som er vanleg i mange saker. No ligg saka om fylkeslegen og Fylkesmannen sin moglege ugildskap hos Sivilombodsmannen i Oslo, der sakshandsamingstida kan vere svært lang.

– Pasientombodet må gjere det ho meiner gagnar pasientane. Så går eg ut ifrå at ho også har teke med i bildet den verdien det har for pasientar å få ei sak avslutta. Kontra å ha saka gåande, meiner Gunnar Hæreid hos Fylkesmannen.

– Dei pårørande sitt ønskje

Dette meiner pasientombodet Lisa Førde Refsnes er eit synspunkt som ikkje held i forhold til den jobben ho gjer for pasientane, både i denne og i andre saker.

– Eg har no snakka med dei pårørande, det er jo dei som ønskjer det. Så hjelper vi dei pårørande i den prosessen. Det er sjølvsagt ikkje dei pasientombodet som pressar dei pårørande vidare. Det er dei pårørande sitt ønskje, og vi hjelper dei. Det må fylkesmannen ta inn over seg, og ha forståing for, meiner pasientombodet.