Hopp til innhold

Mange fleire kne- og skulderoperasjonar i Sogn og Fjordane enn elles i landet

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane blir operert 20 prosent oftare enn landsgjennomsnittet. Professor ber Helse Førde vurdere om praksisen må endrast.

Legespesialister, operasjon, illustrasjon

HYPPIGE OPERASJONAR: Helse Førde opererer lang fleire per 1000 innbyggjar enn mange andre helseføretak.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB Scanpix

– Spesielt når det gjeld kne- og skulderoperasjonar er frekvensen av operasjonar høgare i Sogn og Fjordane. Dei bør diskutere kvifor dei ligg så mykje over resten av landet., seier medisinprofessor Olav Helge Førde ved Universitetet i Tromsø.

Låg i landstoppen på skulder...

NRK har denne veke fortalt at Helse Førde låg heilt på topp i landet når det gjeld skulderoperasjonar per tusen innbyggjarar. Dette skuldast hovudsakleg ein svært høg aktivitet ved ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus. Mange unødvendige operasjonar, sa professor Jens Ivar Brox.

Professor Ola Helge Førde

REAGERER: Professor Ola Helge Førde synest operasjonstala hos Helse Førde verkar uvanleg høge.

Foto: NRK
Førde sentralsjukehus

FØRDE: Her på Førde sentralsjukehus blir det utført mange kneoperasjonar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Kollage sjukehus

LÆRDAL OG EID: Kneoperasjonar i Lærdal og skulderoperasjonar i Eid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Lasse Lesto

GÅR GJENNOM JOURNALANE: Lasse Lesto, dagleg leiar ved ortopedisk avdeling i Helse Førde.

Foto: NRK

– Det gir jo mistanke om eit overforbruk på grunn av spesielle forhold, sa professor og overlege Jens Ivar Brox ved Oslo universitetssykehus.

Han mistenkjer at det vart utført mange unødvendige operasjonar ved Nordfjord sjukehus.

...er i landstoppen på kne

No viser seg at derimot Helse Førde ligg heilt i landstoppen også når det gjeld kneoperasjonar utførte ved sjukehusa i Førde og Lærdal.

Berre Helse Møre og Romsdal utfører fleire operasjonar per tusen innbyggjarar. Ser ein på kirurgi generelt, så er sjansen for å bli lagt under kniven om lag 20 prosent høgare i Sogn og Fjordane enn landsgjennomsnittet.

Helse Førde vil sjå på tala

Dagleg leiar ved ortopedisk avdeling i Helse Førde, Lasse Lesto, meiner det er grunn til å sjå nærare på gjeldande praksis.

– Vi vil ta dei pasientgruppene som her er omtalt, hente dei ut frå vårt pasientsystem. Så må vi sjå korleis det fordeler seg på dei to sjukehusa vi har - Førde og Lærdal, og sjå om det her er noko vi opererer for mykje av, seier han til NRK.

Og dersom pasientar har vore utsette for unødvendige operasjonar, så er det gjort alvorlege feil, meiner professor Ola Helge Førde

– Det å utsetje nokon for inngrep som ein ikkje har nytte av er etisk utfordrande, fordi det er komplikasjonar med dette. Dei skal jo bedøvast, ein gjer inngrep og pasientane kan få infeksjonar. Så dette er ikkje uskuldig.

Tala NRK har henta inn baserer seg på pasientar busette i Sogn og Fjordane, gjestepasientar frå andre helseføretak som er opererte ved sjukehusa i fylket er ikkje med i talgrunnlaget.