Meiner folk bør slutte å få ungar for å redde miljøet

FØRDE (NRK): Slutt med kjeldesortering og få færre ungar. Det er nokre av forslaga frå forfattar Gert Nygårdshaug for å få bukt med klimaendringane.

Gert Nygårdshaug

FRIR TIL POLITIKARANE: Gert Nygårdshaug er klar på at han ynskjer politikarar som bryr seg om framtida. Biletey er teke i samband med ei boksignering av hans nye roman "Zoo Europa".

Foto: Ole-Kristian Førde

Tidlegare denne månaden vart FNs klimarapport for 2018 offentleggjort. Her kjem det fram at ein nærmast overmenneskeleg innsats og fleire tusen milliardar kroner må til for å unngå dramatiske klimaendringar.

Gert Nygårdshaug er for tida aktuell med romanen «Zoo Europa» som handlar om ei verd øydelagt av borgarkrigar, flyktningstraumar, økologiske kriser og stigande fundamentalisme. Han fortel at boka er basert på ein reell frykt for dei klimaendringane vi no opplev.

– Det er klart eg fryktar det, og det er derfor eg skriv om det i bøkene mine. Det er ei ganske realistisk skildring av kva som kan hende når klimaet tippar over to grader, og når vi får hordar med innvandrarar som kjem frå tørkeramma område i Afrika og Sør-Europa. Faren er reell, og difor må vi handle no, seier forfattaren til NRK.

Oppmodar om å velje miljøbevisste politikarar

Nygårdshaug er klar på kva norske familiar må gjere for å tilpasse seg klimaendringane.

– Det første alle må gjere er å syte for å få politikarar som bryr seg om framtida, og velje inn politikarar som verkeleg kan gjera noko. For no må det skje noko, eller så er vi ille ute og køyrer.

Kva parti meiner du bryr seg om miljøet?

– Det er sjølvsagt dei som har miljø på programmet. Du har MDG, og ikkje minst Raudt som er veldig miljøbevisste. I tillegg har du også SV, svarar Nygårdshaug.

Gert Nygårdshaug under boksigneringa av Zoo Europa

REELL FARE: Nygårdshaug meiner at problematikken i hans nye roman, er ei realistisk skildring på noko som kan hende i framtida, om den klimatiske situasjonen forverrar seg.

Foto: Ole-Kristian Førde

– Éit barn er det same som 18 SUV-bilar

Forfattaren trur nordmenn generelt er uroa over situasjonen rundt klimaendringane vi no ser. Han kjem difor med ei oppmoding til alle framtidige familiar.

– Ein blir litt apatisk, for kva skal man gjere? Det hjelper eksempelvis ikkje med kjeldesortering, det er i grunn berre tull i forhold til det som verkeleg skjer rundt om i verda med klimaet vårt. Ein bør slutte å få barn, ikkje meir enn eitt i alle fall. For det å ha to barn, altså eit ekstra barn, det tilsvarar drifta til 18 SUV-bilar i 20 år, hevdar han.

Spår meir ekstremvêr

2018 har vore eit år med ekstremvêr fleire stadar i Noreg, med ein knusktørr sommar etterfølgt av flaum og store nedbørsmengder i haust. Nygårdshaug ber folket førebu seg på meir av det same.

– Dette kjem til å hende oftare og oftare. Det er ikkje berre på Vestlandet ein ser det. Der eg bur på Austlandet hadde vi den tørraste sommaren eg nokon gang har opplevd. Ekstremvêret kjem til å bli enda verre om vi ikkje handlar no, åtvarar han.