NRK Meny
Normal

Meiner fluktmaske kan redde liv ved tunnelbrann

Verneutstyrsprodusenten Skydda meiner ei enkel fluktmaske, anten plassert i bilen, eller i tunnelar, kan bidra til å redde liv dersom det skulle ta fyr i ein vegtunnel.

Fluktmaske

TRYGGARE: Ei fluktmaske skal sikre at lufta du pustar inn, er utan skadelege stoff. I Gudvangatunnelen vart over 60 personar sende til sjukehus med variantar av røykforgifting etter brannen i tunnelen 5. august.

Foto: Skydda/Monika Blikås/Arne Veum / privat/NRK/NTB Scanpix

– Vi har ein type fluktmaske som har vore på marknaden i mange år, eigentleg berre retta mot industribransjen og deira behov for evakuering. Men vi ser at dette er eit produkt som absolutt bør fram i privatmarknaden også, seier Pål Bakken, regionalansvarleg for verneutstyr i Skydda.

Det var nettstaden hmsmagasinet.no som først omtalte saka.

5. august tok det til å brenne i ein semitrailer på E16 i Gudvangatunnelen. Røykutviklinga var enorm, og over 60 personar vart sende til sjukehus med forskjellige grader av røykforgiftning etter brannen.

Meiner masker kunne vore i tunnelane

Fleire har sagt at det berre var eit under, samt heroisk innsats av redningsmannskap på staden, som gjorde at liv ikkje gjekk tapt.

Fleire tunnelbrannar den siste månaden har aktualisert problemstillinga ytterlegare. Bakken meiner det kanskje kunne vore ei løysing å hatt fluktmasker tilgjengelege i tunnelane.

– Det kan vere ei løysing. Denne type masker er til hjelp på alle stadar der ein har problem med evakuering, seier Bakken.

Ei fluktmaske er i korte trekk ei lufttett maske med eit filter, slik at den lufta som du pustar inn, vert reinska for skadelege stoff.

Held seg i åtte år

Fluktmaskene frå Skydda, som er éin av svært mange selskap som produserer slike typar verneutstyr, er vakuumpakka i ein liten boks, veg knappe 590 gram, og let seg opne med eitt riv.

– Maska er haldbar i åtte år, dersom ho ikkje vert brukt. Etter det kan ho sendast inn til resertifisering, og kan dermed halde åtte år til, seier Bakken.

Maska er lett å bruke. Etter at pakken er opna, er det berre å dra hetta over hovudet, så har du 30 minuttar med rein luft.

– Vi går ut med ein halvtime, for dei verste gassane, er verre enn vanleg røyk. Spesielt i ein bilbrann, er det mykje skadeleg røyk, seier Bakken.

Skydda har til no selt til industrimarknaden. Men skulle ein selje maskene til privatpersonar, vil prisen liggje på 1500 kroner, trur Bakken.

– Nokon vil kanskje seie det er dyrt. Men her sit det filtersystem som fordyrar, men det er også det som held den skadelege røyken ute, seier Bakken.

Meiner dette burde vore kjent for lenge sidan

Han er forundra over at ikkje vegmyndigheitene har installert denne type masker i lange tunnelar.

– Dette er ei sak som vi meiner burde vore oppe for lenge sidan. Det handlar om at staten set seg inn i kva produkt som finst, i staden for at ein snakkar om å lage ein rømmingsveg som tek årevis å lage til og kostar millionar, seier Bakken.

Han peikar på at det ville vere ei smal sak å installere skap med flukthetter der brannsløkkingsapparata står, eller ved rømmingsvegane.

– Vi meiner dette burde vere med når ein planlegg tunnelar, eller ein framdriftsplan i evakuering av tunnelar, seier Bakken.

Han understrekar at hans innspel ikkje handlar om å selje masker.

– Dette er produkt som fleire leverandørar har, så det er ikkje poenget. Eg er lite oppteken av salstal. Men eg er oppteken av at folk kan redde livet dersom det skulle skje noko, seier Bakken.

Er ei god løysing

Norges Automobil-Forbund (NAF) tykkjer innspelet om fluktmasker er svært interessant, og kjem til å ta med seg informasjonen vidare når dei møter vegmyndigheitene.

– Det er god forbrukarinformasjon at det finst moglegheiter til å gardere seg mot røyk og gassar som utviklar seg i tunnelane, seier kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Jan Ivar Engebretsen.

Han legg til at dette spesielt kan vere ei god løysing for dei som lir av tunnelskrekk.

– Då vil dei kunne vere litt rolegare når dei køyrer gjennom tunnelen med tanke på at dei har hjelpemiddel i bilen, seier Engebretsen.

Har knapt med tid for å redde liv

Tek det fyr i eit køyretøy inne i ein tunnel, har ein knapt med tid, før det står om livet.

– Det finst forskjellige gassar som kjem av bilbrannar. Du har ikkje mykje tid på deg til å overleve dersom du kjem inn i verste røyken med dei verste gassane. Det er såpass tøft at det kan stå om få sekund, seier Engebretsen.

Ideen om å plassere masker i tunnelane, har Engebretsen sansen for.

– Her er noko som Vegvesenet burde tenkje gjennom. Det finst fluktmoglegheiter slik at ein kan gå i rom i tunnelane, men du har ingen garanti for kor mange som kjem inn dit, og kor mykje røyk som kjem inn dit, seier Engebretsen.

NAF har jamleg kontakt med både Vegvesenet og Vegdirektoratet, og dei kjem til å ta med seg dette innspelet vidare.

– Vi kjem nok til å ta det med i samtalar, seier Engebretsen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser