Hopp til innhold

Meiner florøværingane har signert dødsdom for byen

Valforskar Frank Aarebrot spår ei dyster framtid for Flora, etter gårsdagens resultat av folkerøystinga i kystbyen.

Frank Aarebrot

DYSTER SPÅDOM: Valforskar Frank Aarebrot trur ikkje folk i Flora forstår kva konsekvensar det kan få for kommunen å seie nei til samanslåing i Sunnfjord.

Foto: NRK

– Denne gongen er Flora sine innbyggjarar i ferd med å underskrive byen sin dødsdom, seier valforskar Frank Aarebrot.

Under gårsdagens folkerøysting sa over 70 prosent av dei som røysta i Flora kommune nei til at kommunen skulle slå seg saman med dei andre Sunnfjordkommunane. Det meiner han er sidestilt med rituelt sjølvmord.

– Folk har ikkje aning om kva skade dei har gjort på eigen by. Dei er i ferd med å gjennomføre kollektivt harakiri, held forskaren fram.

Dei dystre framtidsutsiktene grunngjev han med at det ser ut til å bli ein storkommune i Sunnfjord, der Førde blir eit større maktsenter enn i dag. Med Naustdal på laget vil også Førde grense til kystbyen Florø, og dermed få bustadområde opp mot Flora si kommunegrense.

– Då kan dei mjølke Flora for skatteinntekter, seier Aarebrot.

Tek utfordringa

I Flora sit også ein skuffa ordførar frå Arbeidarpartiet. Han hadde ynskt at folket støtta han på at kommunen skulle slå seg saman med andre Sunnfjordkommunar, men måtte sjå at dei innbyggjarane som sa si meining ikkje var samde. Han meiner framtida likevel ser lys ut for kommunen.

Ola Teigen på Ap sitt fylkesårsmøte

STOISK RO: Arbeidarpartiordførar Ola Teigen ser ingen grunn til panikk, slik valforskar Frank Aarebrot gjer. – Flora vil vere eit godt produkt i framtida også.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg trur ikkje det er så alvorleg som han vil ha det til. Folk vil bygge og bu her. Det er klart vi kan få ein ny kvardag dersom indre Sunnfjord blir ein ny kommune, dersom Førde blir ein større maktfaktor enn i dag, men den utfordringa tek vi på strak arm, seier Ola Teigen, etter oppleksinga frå Aarebrot.

Han understrekar at medan dei andre kommunane må bruke krefter på å finne saman og skipe noko nytt, skal dei planlegge drifta av eigen kommune framover.

– Eg er sikker på at Flora kommune vil stå fram som ein sterk og god kommune i framtida. Vi skal handtere utfordringane vi får, der kan Aarebrot ta det heilt med ro.