NRK Meny
Normal

Fjord1 håpar å tene på oppkjøp - medan FrP fryktar det motsette

Sjølv meiner Fjord1 at dei skal tene pengar på oppkjøpet av Widerøe, men Frp i Sogn og Fjordane fryktar innbyggjarane i fylket vil sitje att med rekninga.

Frank Willy Djuvik og Reidar Sandal om oppkjøpet av Widerøe

MEDEIGAR: Fjord1 har i dag gått inn på eigarsida av Widerøe. Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, seier dei håpar å tene pengar på oppkjøpet. Frank Willy Djuvik (t.v.) er derimot skeptisk til oppkjøpet.

Foto: Montasje: NRK/Scanpix/NRK

Fredag ettermiddag vart det klart at ei investorgruppe beståande av Fjord1, Torghatten og Nordland Fylkeskommune har kjøpt opp 80 prosent av aksjane i Widerøe frå SAS.

SAS vil framleis eige 20 prosent av Widerøe, men etter planen skal også desse prosentane seljast.

Torghatten ASA er majoritetsaksjonær med ein andel på 51 prosent i det nye eigarselskapet. Fjord eig 34 prosent av selskapet, medan Nordland fylkeskommune eig dei siste 15 prosentane.

Reidar Sandal som er styreleiar i Fjord1 er godt nøgd.

– Widerøe utgjer eit svært viktig transporttilbod i landet vårt, og Widerøe har tilbod frå alle flyplassane i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, og andre stader på Vestlandet.

– Vi har ein ambisjon om å gjere ein innsats, vere med å yte eit transporttilbod til dei reisande, og tene pengar, seier Sandal til NRK.no.

Eitt nytt bein å stå på

Det har lenge vore kjent at Fjord1 har vore interessert i å kjøpe Widerøe. Transportselskapet Fjord1 har Sogn og Fjordane fylkeskommune som hovudeigar med 59 prosent. Dei har lenge ytra ønske om å få fleire bein å stå på etter at dei selde seg ut av bussbransjen.

– Fjord1 har over lengre tid arbeidd med å bli medeigar når Widerøe skulle seljast frå SAS, og det har lenge vore forhandlingar og i dag er det blitt semje, seier Sandal til NRK.no fredag ettermiddag.

– Har god tru på at det er pengar å tene

Fjord1 får ein eigardel på 34 prosent i det nye eigarselskapet som har fått namnet WF Holding. Ifølgje Sandal skal dei betale i storleiksorden 150 til 170 millionar kroner for sin del.

Tidlegare i veka la Fjord1 fram eit underskot på 100 millionar kroner for 2012. Eit underskot som mellom anna skuldast enorme tap på enkelte ferjeruter.

Sandal kjenner seg trygg på at oppkjøpet av Widerøe ikkje skal bli noko tapsprosjekt for Fjord1.

– Widerøe har ein avtale om å utføre flytransport på kortbanenettet over heile landet, og driv i tillegg ein del kommersielle ruter. Vi har god tru på at det er pengar å tene på å vere medeigar i Widerøe, seier Sandal til NRK.no.

Frp svært skeptisk til oppkjøp

Fylkesleiar i Frp i Sogn og Fjordane, og medlem av fylkesutvalet, Frank Willy Djuvik er svært skeptisk til oppkjøpet.

– Først må eg seie at eg er forundra over at Fjord1 gjer dette. For det første fordi Fjord1 hadde eit stort underskot i 2012. Det andre er at dei selte seg ut av bussmarknaden, fordi dei sa sei ville spisse seg på det dei er best på, ferje og sjøtransport.

– At dei no plutseleg går inn på ein heilt ny marknad, fly og luftfart, det ser eg som underleg ut frå den situasjonen som Fjord1 er i for augeblikket, seier Djuvik til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik (Frp)

SKEPTISK: Frp-leiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, er svært skeptisk til at Fjord1 går inn på eigarsida i Widerøe.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Fryktar skattebetalarane må ta rekninga

Medan Reidar Sandal i Fjord1 kjenner seg trygg på at dei skal greie tene pengar på eigarskapen i Widerøe, er Djuvik langt frå så sikker på det.

– Det er ingen garanti for at Widerøe går med overskot kvart år. Det betyr at det vil vere mellom anna skattebetalarane i Sogn og Fjordane som må ta rekninga, og den kan bli dyr, seier Frp-politikaren.

Djuvik viser til at det blant anna vil vere Sogn og Fjordane fylkeskommune som må gå inn med meir eigenkapital dersom Fjord1 har behov for meir pengar. Pengar som i sin tur er betalt av skattebetalarane inn til fylkeskommunen.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune er eigar av 59 prosent av Fjord1, og må inn med 59 prosent av eigenkapitalen om Fjord1 ikkje har pengar til å dekke underskot, eller skal gjere oppkjøp eller andre ting.

– Dette har vi vore med på mange gonger tidlegare, der vi har måtte setje meir pengar inn i Fjord1. Eg meiner risikoen for at det vil skje har auka monaleg med dette oppkjøpet, seier Djuvik.

Kan føre til kutt på skular og vegar

Han ser ingenting positivt med at Fjord1 vil bidra til eit transporttilbod som dei meiner er svært viktig for distrikta.

– Politikarar og det offentlege skal leggje til rette for gode rammevilkår og sikre gjennom konsesjonar at ein har desse rutene, og at ein opprettar ruter der ein ønskjer det, seier Djuvik.

– Men å gå inn på driftssida, ta økonomisk risiko knytt til gjennomføringa av sjølve flyginga, det synest eg faktisk ikkje noko om. Då tek ein risiko på skattebetalarane sin rekning.

Dersom det skulle vise seg at Fjord1 taper på pengar på Widerøe, og Sogn og Fjordane fylkeskommune må gå inn med meir pengar i Fjord1, kan det i verste fall gå ut over andre tilbod til innbyggjarane i fjordfylket.

– Viss fylkeskommunen må inn med nye pengar i Fjord1 på grunn av dette, så vil det kunne føre til at ein må kutte meir på vegar, skule og andre ting som fylkeskommunen har ansvar for, er åtvaringa frå Frp-politikaren.