NRK Meny

Meiner Fjord1-saka må få følgjer

Tidlegare leiar i kontrollutvalet Arve Mjømen frå Høgre meiner dei fylkeskommunale innkjøpa i samband med Fjord1-saka må få følgjer for Fylkesrådmann Tore Eriksen. Til avisa Firda seier han at lovbrota som er avdekte er alvorlege, og at det er skjerpande at det også tidlegare har vore peika på svikt i samband med offentelege innkjøp. Saka skal handsamast i fylkestinget. Eriksen vil ikkje kommentere saka.

Tore Eriksen fylkesrådmann
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK