Hopp til innhold

NIVA meiner fisken vil komme tilbake i Førdefjorden

Forskarar frå NIVA trur fisken vil vende tilbake til Førdefjorden etter at Nordic Mining sin 50 år lange periode med dumping av gruveslam er over.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

LANG TID: Nordic Mining ønskjer å få deponere gruveslam i Førdefjorden i ein 50 års-periode.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Dumping av gruveslam fører ikkje til varig øydelegging av fjorden. Det viser undersøkingar NIVA har gjort i Sør-Varanger i samband med dumping av gruveslam i fjorden der.

Heller ikkje stoffet magnafloc som er planlagt dumpa i Førdefjorden fører til varige øydeleggingar.

– Når deponeringa tek slutt så vil det etter ei stund bli næringsstoff igjen og fisken kjem tilbake, seier Tor Petter Johnsen i NIVA.

Meiner dei langsiktige effektane er avgrensa

Norske styresmakter skal om ikkje lenge seie ja eller nei til Nordic Mining sine planane om gruvedrift i Vevring i Sogn og Fjordane. Ja til gruvedrift vil innebere ei samla dumping av 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden.

Restmassen vil også innehalde store mengder av det giftige stoffet magnafloc som skal få dei finkorna partiklane frå gruva skal legge seg på botnen. Enkelte har teke til orde for at gruvedrifta langt på veg vil øydeleggje Førdefjorden for all framtid. Men det vil ikkje skje, seier Johnsen.

– Dei langsiktige effektane er meir avgrensa av den type deponering, seier Johnsen.

Han baserer konklusjonen på undersøkingar i Bøkfjorden i Sør-Varanger, og at erfaringane derifrå er gjeldande også for Førdefjorden.

Baserer seg på prøvar som er gjort

Sydvaranger Gruve AS hadde fram til 1997 dumpa enorme mengder gruveavfall i fjorden, men då dumpinga tok slutt kom livet i fjorden og fisken sakte men sikkert tilbake, hevdar Johnsen.

– Vi har basert oss på dei prøvene som vi gjorde i den perioden deponeringa gjekk føre seg. I tillegg har vi henta inn vurdering frå dei som fiska i fjorden i tiårsperioden då det ikkje var deponering. Då kom fisken tilbake igjen, seier Johnsen.

– Men er det slik at når deponeringa i Førdefjorden tek slutt så vil fisken kome tilbake også der?

– Det er det vi vil tru, basert på erfaringane i Sør-Varanger, seier Johnsen.

Magnafloc påverka ikkje reproduksjonen

Sydvaranger Gruve starta i 2009 opp igjen drifta, og igjen blir det dumpe store mengder gruveavfall i Bøkfjorden. Sydvaranger Gruve brukar også magnafloc, det same stoffet som Nordic Mining vil bruke i Førdefjorden.

NIVA sine undersøkingar av krepsdyr og piggvar i Bøkfjorden i 2011 viser at magnafloc ikkje påverkar reproduksjonen og vekst av desse artane.

Undersøkingane viser også at overflatevatnet ned til 20 meter var upåverka av utsleppa av magnafloc.

– Vi har ikkje funne at det har hatt langsiktige effektar, seier Johnsen.

Undersøkingane viser derimot at dei djupare delane av fjorden var klart negativt påverka av gruvedumpinga.

Meiner havet er dødt

Astrid Daniloff i Sør-Varanger sjølaksfiskarlag fortel at det hovudsakleg berre er laksen som toler all dumpinga i fjorden.

– Det er litt laks i fjorden fordi den sig inn høgt i havet, men elles er det ingenting att. Det er heilt dødt hav, seier Daniloff.

– Kvifor trur du laksen klarar seg?

– Fordi han sym oppe i sjøen. Men kor mykje som smolten som kjem ut og bergar seg, veit vi ikkje. Han treng jo mat på vegen ut, seier Daniloff.

Må stillast strenge krav

Ho fortel samtidig at Bøkfjorden byrja å kome til live igjen i perioden då det ikkje var dumping i fjorden.

– Det kom inn litt torsk og sild igjen, men det var ikkje slik det opphavleg var. Korkje torsken eller silda gyter i fjorden lenger, seier Daniloff.

Astrid Daniloff, leder for Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag

STRENGE KRAV: Leiar for Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag, Astrid Daniloff seier det må stillast strenge krav til Nordic Mining dersom dei får klarsignal for å drive sjødeponi i Førdefjorden.

Foto: Berit Nystad / NRK

– Men det er laks i elvane i Bøkfjorden?

– Det er laks i Pasvikelva og ei lita elv lenger inne i fjorden. Det er veldig mykje av den såkalla pukkellaksen som kjem frå Russland, seier Daniloff.

Trass i at laksen truleg vil overleve under den 50 år lange dumperioden og at resten av fisken truleg vil kome tilbake til Førdefjorden etter at dumpinga er over, vil Daniloff rå frå gruvedrift i Vevring.

I tilfelle det likevel skulle bli gruvedrift i Vevring, må det stillast strenge krav til gruveselskapet, seier Daniloff.

– Dei må betale for kvart tonn dei slepp ut i fjorden slik er det blir noko igjen til å reinske opp dersom det nokon gong er mogleg, seier Daniloff.